Ber om unntakstilstand

Al Aksabrigaden vil at president Mahmoud Abbas skal erklære unntakstilstand i Gaza.

Væpnede palestinere i Gaza by
Foto: MOHAMMED SALEM / REUTERS

37 menneske har mista livet i kampane mellom dei rivaliserande palestinske organisasjonane dei siste fire dagane.

Kampane mellom Hamas og Fatah har tilspissa seg dei siste dagane. Skular og butikkar er stengde, og folk held seg inne.

Kirsten Belck- Olsen er Norsk Folkehjelp sin representant i Gaza. Ho seier til NRK at forholda er vanskelege.

- Det har vore fleire gatekampar, særleg i Gaza by. Fleire sivile har hamna i krysselden og blitt drepne, fortel ho.

Vil stoppe valden

Innanriksministeren i samlingsregjeringa gjekk av måndag. Sidan då har den palestinske statsministeren Ismail Haniyeh teke over hans ansvarsområde. 

Al Aksabrigaden, som er knytt til Fatah, ynskjer no at det vert erklært unntakstilstand, og at Haniyeh trekk seg.  

Den palestinske presidenten Mahmud Abbas og Hamas-leiaren Khaled Meshaal har blitt einige om å prøve å stoppe valden.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt