Hopp til innhold

Ber nordmenn vere forsiktige

Den norske ambassaden i Bangkok ber nordmenn vere varsame etter at statsministeren i Thailand innførte unntakstilstand i Bangkok.

Soldater blokkerer gata i forbindelse med opptøyer i Bangkok

Soldatar blokkerer gata i samband med opptøya i Bangkok.

Foto: Wason Wanichakorn / AP

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Vi følgjer situasjonen nøye. På heimesidene oppfordrar vi nordmenn til å vere forsiktige og halde seg unna større folkemengder, seier charges d'affaires ved den norske ambassaden, Anne Lilleøren til NRK.

Statsminister Samak Sundaravej kunngjorde unntakstilstanden etter at minst ein person vart drepen og minst 35 såra i valdelege gatekampar mellom politiske grupperingar i Bangkok.

LES: Unntakstilstand i Bangkok

- Berre reis

Både Sør-Korea og Singapore åtvarar innbyggjarane mot å reise til Thailand. Norske styresmakter meiner førebels at det ikkje er nokon grunn til å bli heime.

Lilleøren meiner det er viktig at nordmenn følgjer med i media og lyttar til råda frå lokale styresmakter.

- Vi rår ikkje folk frå å reise til Thailand, men vi oppmodar reisande til å halde kontakt med reisebyrået og flyselskapet sitt, seier ho.

Nokså rolig

Demonstrantane har samlingar også andre stader i landet, så råda gjeld heile landet. Ambassaden har likevel ikkje sett så mykje til opptøya.

- Situasjonen i Bangkok er generelt roleg. Demonstrasjonane er konsentrert til området rundt regjeringsbygningen, dermed merker vi ikkje så mykje til unntakstilstanden og til demonstrasjonane, seier Lilleøren.

Avbestiller flybillettar

Flyselskapet Thai Airways melder om at passasjerar avbestiller billettar som følgje av situasjonen i landet.

Det er særleg passasjerar frå andre asiatiske land som avbestiller.

– Fleire passasjerar har avbestilt reisene sine. Bestillingane våre har gått ned med over ti prosent dei siste par dagane, seier administrerande direktør i selskapet Apinan Sumanaseni.

SISTE NYTT

Siste nytt