Hopp til innhold

– Kvar dag i nominasjonsvalet er ein tapt dag i presidentvalet

Den republikanske senatoren John McCain innrømmer at han er bekymra for Mitt Romney sine sjansar til å gjenerobre Det kvite huset.

John McCain

UROLEG: Arizonasenatoren er John McCain er bekymra for republikanerne sine sjansar mot Barack Obama i november.

Foto: Jeff Chiu / AP

McCain, som tapte mot president Barack Obama ved førre presidentval i USA, har gitt sin fulle støtte til Romney i den republikanske nominasjonskampen.

Mitt Romney

KAMPEN IKKJE OVER: Men Mitt Romney er framleis favoritt.

Foto: JESSICA RINALDI / Reuters

Trass i den knappe sigeren på supertysdag, er Romney framleis favoritt.

Men kampen er ikkje over, og McCain er ikkje er ålene om å vedgå at det svekker partiet sine sjansar fram mot valet i november.

– Jo lengre dette held fram, desto verre er sjansane våre, seier McCain ifølgje ei utskrift av eit intervju som skal sendast på fjernsynskanalen CBS.

Taper tid

Rick Santorum ligg på andreplass, Newt Gingrich på tredje og Ron Paul på fjerde. Etter ein kamp på kniven, greidde Romney til slutt å ta nøkkelstaten Ohio, og vann dermed seks av ti statar i nominasjonsprosessen.

Men han har ikkje rista av deg rivalane. Ein kandidat har ikkje gjort det dårlegare i nominasjonsvala sidan 1976.

– Kvar dag fram til november som går med til å vinne nominasjonsvalet er ein dag tapt i kampen om å vinne presidentvalet. Og det, må eg ærleg seia, gjer meg svært bekymra for sjansane våre til å vinne i november, seier McCain.

Han skulda også Santorum og Gingrich for korrupsjon.

SISTE NYTT

Siste nytt