NRK Meny
Normal

– Assange lir av lungesjukdom

Wikileaks grunnleggjaren Julian Assange lir av ein kronisk lungesjukdom og må stadig passast på av legar.

Julian Assange

Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange slit med ein lungesjukdom og må ha regelmessig legetilsyn.

Foto: Kirsty Wigglesworth / Ap

Ecuador sin ambassadør til Storbritannia seier ho er bekymra for helsetilstanden til Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange, melder Reuters.

– Han har ein kronisk lungesjukdom som kan bli verre når som helst. Ecuador dekker medisinkostnadene hans og ein lege er innom regelmessig for å sjekke helsetilstanden hans, seier ambassadør Ana Alban til ein ecuadoriansk tv-stasjon.

Assange har fått politisk asyl i Ecuador, men blir arrestert om han forlet ambassaden til landet i London.

(Saka held fram)

Julian Assange ved Ecuadors ambassade

Assange på balkongen til Ecuador sin ambassade i London.

Foto: GBBBC

Må kanskje til sjukehus

Assange fekk internasjonal merksemd då Wikileaks la ut graderte dokument om USA og andre land sine operasjonar i Afghanistan, og amerikanske styresmakter vil rettsleg forfølgja han for dette.

Han har søkt tilflukt i Ecuador sin ambassade i London sidan juni, for å unngå utlevering til Sverige, der han er skulda for seksuelle overgrep.

Assange nektar for desse skuldingane og fryktar at Sverige kjem til å utlevere han til USA.

Førre månad bad Ecuador britane om å garantere at Assange kunne bli frakta til sjukehus om det vart naudsynt, og få vende tilbake til ambassaden med flyktningstatus.

Britane seier Assange kjem til å bli arrestert så snart han set fot utanfor ambassaden.

(Saka held fram)

ASSANGE

Tilhengjarar av Assange protesterte utanfor høgsterett i London i mai.

Foto: KI PRICE / Reuters

Pessimistisk

Livet til 41-åringen i ambassaden er naturleg nok avgrensa. Han mosjonerer på ei tredemølle og har ein D-vitamin-lampe for å kompensere for manglande dagslys, skriv Reuters.

I august sa Assange at han forventa at det kjem til å ta frå seks månader til eit år før han får ein avtale som gjer at han kan forlate ambassaden.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt