Hopp til innhold

Begge kandidatane erklærte seg som vinnar i Indonesia

Både Joko Widodo og Prabowo Subianto har erklært siger i presidentvalet i Indonesia, det mest folkerike muslimske landet i verda.

Jako Widodo saman med kona Iriana Widodo.

Joko og Iriana Widodo fotograferte då dei røysta i Jakarta.

Foto: ADEK BERRY / Afp

Først erklærte Joko Widodo siger, basert på ein del uoffisielle målingar. Deretter sa motkandidaten, Prabowo Subianto, at det var altfor tidleg å konkludere, men seinare så erklærte også han siger. Han sa at partiet hans baserte seg på eigne målingar.

Fleire uoffisielle målingar viser at Widodo, som no er guvernør i hovudstaden Jakarta, har fått 53 prosent av røystene, medan Subianto har fått 47 prosent.

Nytt og gammalt

Prabowo Subianto har erklært siger i presidentvalet i Indonesia.

Eksgeneralen Prabowo Subianto med militær helsing til tilhengjarane sine då han erklærte seg som vinnar av presidentvalet.

Foto: BEAWIHARTA / Reuters

Om lag 190 millionar indonesiarar deltok i presidentvalet, som vart avslutta i dag tidleg norsk tid. Det er eit venta eit offisielt resultat 22. juli.

Mange ser valet som ein kamp mellom det gamle autoritære Indonesia, representert ved Prabowo Subianto, og eit nytt Indonesia med meir demokrati, representert ved Joko Widogo.

Widodo (53) blir sett på som eit friskt pust i indonesisk politikk, og han har blant anna vunne respekt for planane om helseprosjekt for dei fattigaste. Han er også kjend for å ha gjort ein innsats mot korrupsjon.

Den ni år eldre Subianto har band til diktatoren Suharto gjennom sin bakgrunn som general. Han blir også sett på som mindre reformvenleg enn motstandaren.

LES OGSÅ: Økonomisk storm venter valgvinner i Indonesia

– Svært ulike kandidatar

Professor i statsvitskap og utviklingsforsking ved Universitetet i Oslo, Olle Törnquist, som også er ekspert på Indonesia, seier til NRK.no at dei to presidentkandidatane er svært ulike. Dei kjem også frå heilt ulike maktgrupperingar.

Joko Widodo er ein ny type kandidat i Indonesia. Han kan minne litt om Obama, seier Törnquist, utan at han har Obamas talegåver.

– Han har bakgrunn som forretningsmann frå mellomstore bedrifter, og han er ein god administrator som er kjend for å jobbe mot korrupsjon. Han er ingen sosialdemokrat eller liberalar, men han kjem frå reformrørsla, som er eit produkt av kampen mot diktaturet, seier Törnquist.

Olle Törnquist er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Dei to kandidatane ved presidentvalet i Indonesia er svært ulike, seier Olle Törnquist.

Foto: UiO

Professoren fortel at motkandidaten Prabowo Subianto har ein heilt annan bakgrunn. Han kjem frå det gamle maktapparatet. Han har militær bakgrunn, men vart sparka frå kommandostyrkane i 1998. Han er tidlegare svigerson til den gamle diktatoren Suharto og kan trygt kallast ein oligark.

– Vil ha færre val

– Han vil faktisk redusere ein del demokratiske rettar. Han vil ha bort ein del av lokalvala og er skeptisk til fridomar og rettar dei har oppnådd sidan 1998. Framfor alt vil han redusere direkteval av borgarmeistrar og guvernørar, seier Olle Törnquist.

Han meiner dette gir ei direkte kopling til Joko Widodo. Widodo har bakgrunn som lokal politikar, som vart direktevalt først som guvernør i heimeregionen på det sørlege Java. Her gjorde han ein svært god jobb, og han vart seinare valt til guvernør i hovudstadsregionen Jakarta.

Mange har skulda Widodo for ikkje å vere muslimsk nok, at han eigentleg er kristen. Ingenting av dette er sant, men desse skuldingane har levd eit liv på sosiale medium, seier Indonesia-eksperten.

Stor valinteresse i Indonesia.

Stor jubel då Joko Widodo heldt ein tale for tilhengjarane sine etter at valmålingane var klare.

Foto: ADEK BERRY / Afp

– Ny type samarbeid

Olle Törnquist trur at Widodo, eller Jokowi som han blir kalla, kan innføre ein heilt ny type samarbeidspolitikk i Indonesia. I tida si som guvernør viste han evne til å samarbeide med interessegrupper for fattige og med fagforeiningar, og det med godt resultat.

På spørsmål korleis han tolkar at begge kandidatane no har erklært seg som vinnarar av valet, svarar Törnquist dette:

– Eg håpar inderleg at det ikkje betyr konflikt. Eg håpar dei vil vente til 22. juli og det offisielle resultatet. Det kan kome skuldingar om valfusk, og i tilfelle vil det bli ein lang prosess i rettsstellet.

Törnquist tvilar på at det har vore omfattande fusk ved dette valet, sjølv om det Indonesia har ei viss historie på det feltet.