Dette er første turen Bashir gjer til eit land som er medlem av den internasjonale krigsforbrytardomstolen ICC sidan han vart tiltalt i 2009. ICC har gjort det klart at dei reknar med at styresmaktene i Tsjad ville pågripe Bashir når han kom til landet.
Bashir avviser skuldingane om at han skal gjort seg skuldig i krigsbrotsverk under borgarkrigen i Sudan.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Varm velkomst
Trass i at den sudanske leiaren er etterlyst over heile verda, fekk han ein varm velkomst i Tsjad i dag, melder BBC. Dette trass i at Sudan og Tsjad ofte har vore i tottane på kvarandre i spørsmålet om Darfur-konflikten.
Det er ikkje venta at styresmaktene i Tsjad vil følgje rådet frå krigsforbrytardomstolen og arresterte den sudanske presidenten.
ICC har ikkje ein eigen politistyrke som kan arrestere etterlyste, men må stole på at medlemslanda gjer dette når dei har sjansen.
Under krigen i Darfur har opprørsgrupper på begge sider av grenselina mellom Sudan og Tsjad retta angrep mot rivaliserande grupper på den andre sida av grensa.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Gammal fiendskap
Det er ikkje lenge sidan at styresmaktene i Sudan skulda Tsjad for å støtte opprørsgrupper i Darfur, og Tsjad skulda på si side Sudan for å støtte opprørsgrupper som ville styrte president Idriss Deby i Tsjad.
Men i dag var det berre godord å høyre mellom leiarane for dei to landa:
- Tsjad og Sudan har hatt problem tidlegare, men no er dette problemet løyst. VI er brør, sa Omar Al Bashir då han kom til hovudstaden N'Djamena i Tsjad i dag.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: