Barneleiken bytta ut med svolt av ebola

Matprisane har skutt i vêret og barneleiken har stoppa på grunn av ebola. Dei sosiale og økonomiske verknadane av epidemien har vore enorme, viser ein fersk rapport.

To gutar har fått tak i mat i Liberia

Desse to gutane har fått tak på mat i Monrovia, Liberia. Mange barn har fått kvardagen snudd på hovudet av ebola. Nokon må ut i arbeid, og andre har fått beskjed om å ikkje ta på andre menneske. Resultatet er at barneleiken nærast er borte, og at ingen barn leikar som dei gjorde før enkelte stader.

Foto: DOMINIQUE FAGET / Afp

Over 9.000 menneske har mista livet, og meir enn det dobbelte har blitt smitta av ebola. I går vart siste pasient skriven ut frå sjukehus i Liberia, men i nabolanda er det framleis ein viss fare for å bli smitta av det dødelege viruset.

Men ein ting er dødstala, ein annan ting er øydeleggingane som epidemien har gjort på samfunna. Mange lokalsamfunn har hatt portforbod, landegrenser har nærast vore heilt stengde, ingen internasjonale flyavgangar vert lenger gjennomført og utslaga på det kvardagslivet er enorme.

I ein fersk rapport frå Plan International har folk i Liberia og Sierra Leone blitt spurde om korleis ebola har påverka deira daglegliv. Og resultata frå rapporten er ikkje til å misforstå. Epidemien har snudd dei tre afrikanske landa på hovudet.

I rapporten vert særskild fire sider av samfunnet heva fram. Helse, mat, folks kvardagsøkonomi og barnas kvardag.

  • Barns kvardagsliv

HEALTH-EBOLA-GUINEA-VILLAGE Children play in the village of Meliandou

I Meliandou i Guinea leikar ein gut og ei jente med kvarandre. Dei fleste barn er tekne ut av barnehage og skule, og må halde seg heime. Mange må anten vere heilt åleine, eller bidra med å jobbe i heimen.

Foto: STAFF / Reuters
Sierra Leone Ebola

Nokre stader har samfunnet stoppa heilt opp, slik som her i Freetown i september i fjor, då utbrotet var på sitt verste.

Foto: Michael Duff / Ap

Og det er særskild barna som er råka av epidemien, seier generalsekretær i Plan Noreg, Kjell Erik Øie.

– Det er vanskeleg å tenke seg at det finst nokon større taparar enn barn som har mista foreldre og skulegangen. Og når barn i tillegg har lært at ebola smittar ved at dei er borti kvarandre, og at dei dermed sluttar å leke, då har barn tapt veldig mykje, seier Øie.

Skulane har vore stengde i både Liberia, Sierra Leone og Guinea, og er framleis stengde i sistnemnde land. Sidan mange familiar har mista inntektsgrunnlag har også mange barn blitt brukt som arbeidskraft.

Resultata frå Plan si undersøking viser at særskild barn sin leik har endra seg mykje på grunn av frykta for smitte.

Korleis har ebola endra barnas kvardag?

Påstand

Liberia

Sierra Leone

Auke i barnearbeid

50%

43%

Barn leikar ikkje som før

100%

95%

Barn leikar ikkje i grupper

84%

82%

Prosenten viser kor mange av dei spurde i det respektive landet som er einige i påstanden.

  • Helse

Allereie før ebolaepidemien slo ut i full blom var helsevesenet i dei tre vestafrikanske landa dårleg stilt. Det alvorlege viruset har det siste året tatt den meste av merksemda til dei tre landa sine helsearbeidarar.

Dermed har innsatsen mot malaria, diare og andre vanlege sjukdommar i regionen blitt kraftig svekka. Det same har tilbodet til dei som skal føde.

Mange internasjonale helsearbeidarar har etter kvart kome på banen, og fleire organisasjonar har tilbydt helsehjelp til mange pasientane. Men den veldige epidemien har sett sine tydelege spor i helsetilbodet i dei tre landa.

Helse - Slik har ebola påverka helsetilbodet

Påstand

Liberia

Sierra Leone

Det er ingen barseltilbod

78%

40%

Det er farlegare å føde enn før

40%

16%

Pasientar unngår å oppsøke helseklinikkar

73%

62%

Malariabehandlinga er ikkje som før

90%

60%

Barn blir ikkje vaksinert for malaria som før

92%

70%

Prosenten viser kor mange av dei spurde i det respektive landet som er einige i påstanden.

I tillegg har også mange helsearbeidarar vore særskild utsette for å bli smitta av viruset. Tidleg i epidemiens fase vart også helsearbeidarar angripne når dei skulle informere om viruset fordi mange trudde dei jobba med å spreie viruset, i staden for å stoppe det.

  • Mattryggleik

HEALTH-EBOLA/FOOD Volunteers distribute food at a World Food Programme storage center in Monrovia

Mange organisasjonar har jobba med å få mat ut til folk i dei tre vestafrikanske landa. Deriblant Verdas Matvareprogram.

Foto: STRINGER / Reuters
HEALTH-EBOLA/BATS File picture shows fruit bats for sale at a food market in Brazzavile

Det vert sagt at flaggermuskjøtt er årsaka til ebolaviruset. Styresmaktene i dei råka landa har gått hardt ut for å stoppe konsumet av vilt kjøt, og mange har no slutta å ete slikt kjøt. Dette biletet er teke tilbake i 2005 i DR Kongo kor også flaggermuskjøt er populært.

Foto: JIRO OSE / Reuters

Dei tre landa har i stor grad vore isolerte, og også deira eige landbruk har lidd på grunn av epidemien. Eksport og import har vore avgrensa, og folk har vore hindra frå å bevege seg over store område.

Dermed har også tilgangen på mat vore særs avgrensa. Samlingsstadar, slik som lokale marknader har også blitt stengde som følger av viruset.

– Me manglar mat på grunn av stigmaet mot samfunnet vårt. Folk i tilstøytande marknader vil ikkje lenger ta imot pengane våre når me prøver å få tak i mat til familiane våre, fortalde ei av mødrene som var med i Plan si undersøking.

I november i fjor viste ein rapport frå Mercy Corps at ei matkrise var på veg innover Liberia. Deira undersøkingar viste at 90 prosent no et mindre enn før.

Mat - Korleis har ebola påverka mattryggleiken?

Påstand

Liberia

Sierra Leone

Fleire svoltne barn enn før

92%

90%

Et meir mat av dårlegare kvalitet

92%

88%

Maten er dyrare enn før

100%

90%

Det er mangel på nokre typar mat

60%

70%

Et ikkje lenger viltkjøt

90%

92%

Prosenten viser kor mange av dei spurde i det respektive landet som er einige i påstanden.

  • Levebrød

Veldig mange har fått inntektskjeldene sine kutta under epidemien. Både landbruket og alle som har jobbar som er knytte opp til jordbruket, er påverka av mangelen på infrastruktur.

Kombinert med dei aukande matvareprisane har kvardagen endra seg mykje for dei mange som allereie lever med avgrensa middel.

– Det er fleire familiar som har mista grunnlag for inntekt, fordi folk er redde, hus er påtente og næringsgrunnlaget har blitt øydelagd, fortel Kjell Erik Øie.

Levebrød - Korleis påverkar ebola folks lommebok?

Påstand

Liberia

Sierra Leone

Det er mindre inntekter enn før

100%

93%

Lønningane har stoppe å kome

100%

96%

Mindre å tene på forretninger

98%

89%

Den lokale marknaden er stengt

38%

36%

Reiseforbod hindrar handel

88%

93%

Prosenten viser kor mange av dei spurde i det respektive landet som er einige i påstanden.

– Det var naudsynt med så kraftig respons

HEALTH-EBOLA/SEX Musa Pabai holds his son Oliver while looking at his girlfriend Hannah Wright, upon meeting them for the first time after surviving Ebola, at his home in Walakor

Ein liten familie er på ny samla. Musa Pabai held son sin Oliver, etter at pappa nettopp har kome heim att frå sjukehuset. Der fekk han behandling for ebola. No er han, kjærasten Hanna Wright, og sonen endeleg ein familie att. Mange familiar har anten mista eit medlem, eller blitt splitta av epidemien.

Foto: STAFF / Reuters

Ebola har tatt 9.000 menneskeliv, og fått merksemd over heile verda. Dei største årsakene til den store merksemda er mangelen på ein vaksine, og frykta for kor utbreidd sjukdommen kan bli.

Men trass den store merksemda, er det mange andre sjukdommar som tek langt fleire menneskeliv, men som får mykje mindre spalteplass. Kjell Erik Øie i Plan meiner likevel ikkje at mobiliseringa mot ebola, som altså har sett fleire samfunn på vent, har vore for stor og overdriven.

– Eg trur at sidan ein har reagert såpass raskt, så har forhåpentlegvis ført til at utbrotet avgrensar seg til 9.000 døde. Me veit jo ikkje korleis situasjonen hadde vore om me ikkje hadde sett i verk desse tiltaka, seier Øie.

(Saka held fram under biletet)

WORLDPRESSPHOTO2015/WINNERS Pete Muller, a U.S. photographer of Prime on assignment for National Geographic/The Washington Post, won the First Prize in the General News Category, Stories, of the 2015 World Press Photo contest

Dette prisvinnande biletet viser ein desperat ebolapasient som har forsøkt å flykte frå sjukestova kor han var innlagd. To helsearbeidarar forsøker å føre han inn att til sjukesenga.

Foto: HANDOUT / Reuters

– Landa må ikkje stå åleine i kampen vidare

Han understrekar samstundes at epidemien har hatt ein del sideeffektar som verdssamfunnet er nøydde å ta tak i.

– No må samfunnet tilbake til normalen. Me må klare å informere om denne sjukdommen som hindrar vidare utbrot, men samstundes utan at me skaper frykt for at folk er nær kvarandre, seier generalsekretæren.

I byrjinga av epidemien måtte fleire internasjonale organisasjonar tole kritikk for å ikkje gjere nok for dei tre råka landa. Etter kvart har verdssamfunnet klarte å mobilisere meir, men det er viktig å ikkje gi seg berre fordi epidemien er på tilbakegang, meiner Øie.

– Det er to ting som må til. Det eine er at me samarbeider tett med dei menneska som dette gjeld, og at dei får legge premissane for korleis ein skal jobbe. Også må me støtte med kunnskap og ressursar. Dette er fattige land som slit, og dei skal ikkje stå åleine i kampen vidare.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt