Hopp til innhold

Barnedrapssikta slepp ikkje fri

Det norsk-filippinske paret som er sikta for barnedrap på Filippinane er slitne og oppgjevne. I dag blei det klart at dei må sitja i varetekt i minst ei veke til.

Det norsk-filippinske paret vert intervjua på Cebu

Det drapssikta norsk-filippinske paret vert intervjua av lokal presse på Filippinane.

Foto: NRK

Ellah Joy Pique

Seks år gamle Ellah Joy Pique vart funnen død under ei klippe i Barili på øya Cebu onsdag 9.februar i år.

Foto: Privat

Nordmannen Sven-Erik Berger og den filippinske kvinna han er trulova med sit framleis i fengslingsforvaring på den filippinske øya Cebu, sikta for drapet på seks år gamle Ellah Joy.

I eit rettsmøte i dag, skulle statsadvokaten ta stilling til om dei to kunne sleppast fri.

Men paret fekk ikkje medhald, og må sitja fengsla fengsla minst til neste tysdag då det er nye forhandlingar i retten.

– Dei vart oppgjevne og apatiske då dei fekk den dårlege nyheita. Dei har fått så mange beskjedar og kontrabeskjedar, og er veldig slitne no, seier NRK-korrespondent Anders Magnus som er på Cebu i Filippinane.

Står på sitt

Paret har heile tida hevda at dei er uskuldige, og både overvakingsbilete og vitne har stadfesta alibiet deira for kidnappingstidspunktet

Advokatane til paret pressa på for at dei to skal verta sett fri i dag. Dei meiner det ikkje er grunn til å halda dei innesperra, og ville ha dei ut av fengsla forvaring med ein gong.

Lokalt politi og faren til den drepne jenta står derimot på sitt, og seier dei to er skuldige.

Det lokale politiet meiner også at det norsk-filippinske paret bør sitja fengsla medan etterforskinga går føre seg, og fekk i dag støtte frå statsadvokaten.

– Om dei slepp fri neste tysdag er svært usikkert. Men det ser dårleg ut for paret, slik saka har utvikla seg over tid, meiner korrespondent Magnus.

Kan bli sitjande fengsla lenge

Sven-Erik Berger og Karen castro Esdrelon

Norske Sven-Erik Berger og filippinske Karen Castro Esdrelon er sikta for barnedrap på Filippinane, og risikerer å bli sitjande i fengsla forvaring lenge.

Foto: Anders Magnus / NRK

Korrespondent Anders Magnus seier det var lite som talte for lauslating i dag.

– Det er mange merkelege spissfindigheiter i dette landet som gjer at dei kan bli sitjande fengsla lenge, sjølv om dei meiner dei har prov for at dei er uskuldige.

Saka har også teke ei ny vending, ved at faren til jenta har endra si forklaring.

Han hevdar no at tidspunktet som paret har alibi for, likevel ikkje var det same som då jenta vart kidnappa. Han seier det var tidlegare på dagen ho blei bortført, og meiner dei kan ha gjort det likevel.

Eit anna problem er at bevismaterialet som det nasjonale politiet har lagt fram, ikkje er godkjent fordi vitneerklæringar ikkje er underteikna under eid. Aktoratet forsøker no å få fjerna dette som bevis i saka.

Video Anders Magnus rapporterer fra Cebu, Filippinene morgen 15.02.2011

Anders Magnus følgjer barnedrapssaka frå den filippinske øya Cebu.

Foto: Nyhetsspiller

– Har det elendig

Korrespondent Magnus møtte i dag Berger og Karen Castro Esdrelon på politistasjonen der dei sit i forvaring. Han fortel om kummerlege kår.

– Dei har elendige sanitære forhold. Det er eit toalett utan vatn der, og dei har ikkje noko særleg med vatn å vaska seg med heller.

Paret er slitne og prega av situasjonen.

– Dei søv dårleg på ein liten enkeltmadrass på eit møterom hjå politiet. I tillegg er det ganske varmt her og det finst ikkje air condition i rommet, fortel Magnus.

Den barnedrapssikta nordmannen seier likevel til NRK at han er glad for at han og Esdrelon får vera saman, og at dei slepp å sitja i fengselet.

Lokalt politi får kritikk

Åstedet der Ellah Joy (6) ble funnet drept i Barili på Filippinene

Åstaden der Ellah Joy (6) vart funnen drepen i Barili på Filippinane.

Foto: Cebu Daily News/Privat

Det er no to veker sidan den vesle filippinske jenta vart funnen død under ei klippe i Barili på øya Cebu.

Det var først etter at nasjonalt politi vart kopla inn i etterforskinga at alibiet til paret vart undersøkt og stadfesta. Lokalt politi har fått kritikk for å ikkje ha teke omsyn til nye moment i saka, og måndag fekk politisjefen sparken av guvernøren på øya.

Det nasjonale politiet har no begynt å etterforska andre spor i saka. Dei prøver å finna ut kva slags bil som tok med seg jenta utanfor skulen den 8.februar.

Fristane i saka har fleire gonger vorte utsette av det lokale politiet. Korrespondent Magnus meiner dette er ein prestisjekamp.

– Politet på øya har ingen andre mistenkte. Dette er ein prestisjekamp og ein kamp om prosedyrar.

SISTE NYTT

Siste nytt