NRK Meny
Normal

Barnedrap i New York oppklart etter 22 år

Politiet i New York har arrestert ein 52 år gammal slektning for drapet på ei fire år gammal jente for over 22 år sidan.

Drapet på Baby Hope i 1991 er oppklart.

Teikninga politiet gjekk ut med av «Baby Hope» i 1991. Innfelt kjølebagen ho vart funnen i.

Foto: HANDOUT / Reuters

Den vesle jenta vart funnen i ein kjølebag på Manhattan i juli 1991, men ho vart aldri meldt sakna av familien. Fredag vart 52 år gamle Conrado Juarez arrestert på ein restaurant i New York.

Conrado Juarez er arrestert for drapet på Baby Hope i 1991.

Conrado Juarez har tilstått drapet på ei fire år gammal jente i 1991.

Foto: John Minchillo / Ap

Tidleg laurdag tilstod han i avhøyr at han først misbrukte jenta seksuelt, før han tok livet av henne.

«Baby Hope»

Sidan jenta aldri vart meldt sakna av familien, var det ikkje mogleg å identifisere henne. Politifolk samla inn pengar til gravferda hennar og døypte henne «Baby Hope».

Politiet fekk i sommar tips om kven mora til jenta kunne vere, og det var dette som igjen førte til identifiseringa av «Baby Hope» og seinare arrestasjonen Conrado Juarez.

Politikommisjonær Raymond Kelly opplyser at mannen var syskenbarnet til den vesle jenta, som er identifisert som Anjelica Castillo.

Friske blomster på grava til Baby Hope.

Sidan den fire år gamle jenta ikkje vart identifisert, vart ho gravlagd som «Baby Hope».

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp

Mora til jenta har sidan politiet fekk tipset i sommar, samarbeidd med politiet, opplyser Kelly.

Fekk hjelp av systera

Juarez har forklart til politiet at han hadde fortalt systera si om det han hadde gjort, og at det var ho som hadde gitt ordre om at han skulle kvitte seg med liket. Ho gav han kjølebagen han skulle bruke, sa han i forklaringa si.

Saman reiste dei ut til eit skogsområde like ved Henry Hudson-motorvegen på det nordlege Manhattan for å kvitte seg med kjølebagen.

Denne systera er seinare død.

Raymond Kelly fortel at Juarez reiste heim til bydelen Bronx, systera heim til Queens, og at dei to aldri seinare snakka om ugjerninga.

– Endeleg rettferd

I fleire år etter funnet av liket av «Baby Hope» hang det plakatar med bilete av jenta over store delar av New York med oppmoding til folk å melde frå om dei visste kven ho var. Saka var stor også i amerikanske massemedia.

– I dag har etterforskarane ved New York-politiet endeleg gitt rettferd til vesle Angelica, sa ein rørt Raymond Kelly på ein pressekonferanse i natt norsk tid.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt