Hopp til innhold

Barnedødelegheita meir enn halvert på 30 år

Talet på barn som døyr før dei fyller fem år, er meir enn halvert sidan 1990. Det viser ny statistikk. Men forskarar fryktar klimaendringar skal bidra til å snu trenden.

Vaksinering i Kenya

Vaksinering av barn mot sjukdommar som tek liv, har bidrege til at barnedødelegheita kraftig ned i verda i løpet av dei siste par tiåra. Her får eit barn i Kenya malariavaksine av ein helsearbeidar.

Foto: Joseph Odour / AP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I løpet av nokre få tiår har verda gjort store framsteg når det gjeld kor mange barn som får vekse opp. I 1990 døydde rundt 93 per 1000 levande fødde barn i verda før dei fylte fem år. I fjor var talet rundt 38 per 1000 levande fødde, ifølgje tal frå Unicef.

Den brattaste nedgangen i barnedødelegheita ser vi frå tusenårsskiftet. Nedgangen skuldast blant anna ein innsats med medisinar og vaksinar mot viktige dødsårsaker blant barn som lungebetennelse, diare og malaria, seier generalsekretær i Unicef Norge, Camilla Viken.

– Suksessen kjem blant anna av politisk vilje til å betre helsetenester. Dette har blant anna blitt gjort gjennom å investere i arbeidsmarknaden og introdusere gratis tenester for gravide og barn.

Store forskjellar

Tendensen blir også stadfesta i ein rapport stiftinga Bill og Melinda Gates har fått utarbeidd i samarbeid med universitetet i Washington.

Men dei viser også at det er store geografiske forskjellar i tala. Blant anna trekker forskarane fram økonomisk vekst som noko som også bidreg til redusert barnedødelegheit.

– Mødrer som mister færre små barn får ofte færre barn, og reduserer med det risikoen for å døy under fødselen, og aukar sjansen for å betre dei økonomiske utsiktene til familien, seier Ashish Jha, som er direktør ved Harvard Global Health Institute til The New York Times.

Kart som viser barnedødlighet

Kart som viser barnedødelegheita i verda. Landa markert med mørkebrunt har høgare dødelegheit enn dei med lysare farge.

Grafikk: Unicef

Geografi er også avgjerande for kor sannsynleg eit barn får vekse opp.

– 80 prosent av dei globale barne- og mødrerdødsfalla skjer i land sør for Sahara og Sør-Asia. Sør for Sahara har nyfødde ti gongar så høg risiko for å døy den første månaden, samanlikna med eit høginntektsland, seier Viken.

Men forskjellane kan også vere store innanfor eitt enkelt land. Det største fallet i barnedødelegheita står India for. I det nest mest folkerike landet i verda var det 1,2 millionar færre barn som døydde i 2017 samanlikna med 2000.

I sør har dei gjort store økonomiske framsteg. Der døyr 1 av 50 barn under fem år. Medan dei i det fattigare nord har ein langt høgare barnedødelegheit, der tala er nærare 1 av 10.

Mor med nyfødt barn i India

India står for om lag 25 prosent av nedgangen i barnedødelegheita i verda. Det kjem blant anna etter ei satsing på helsetilbod og satsing på utdanning for jenter.

Foto: Rajesh Kumar Singh / Ap

Fryktar klimaendringar

Skal ein nå berekraftsmåla til FN innan 2030, er ein blant anna avhengig av betring i helsesystemet i landa som har det vanskelegast no. Målet er å redusere dødelegheita blant barn under fem år til høgst 25 per 1000 levandefødde.

Mange land har allereie nådd målet, men i fleire land er ein avhengige av at politikarane har evne og vilje til å legge til rette for ei vidare utvikling og stabilt miljø. I land med konfliktar og humanitære kriser, er det ofte også dålege helsesystem, og det gjer at mødrer og barn ikkje får den hjelpa dei treng.

I tillegg fryktar forskarane at klimaendingar skal reversere utviklinga. Dei meiner endringane kan føre til matmangel i ein del område i verda. Det kan føre til humanitære kriser og oppblussing av sjukdommar. I tillegg til politisk uro og konfliktar.

– Eg fryktar utviklinga skal miste farta eller til og med snu dersom klimaendringane får halde fram, seier Jha til The New York Times.

Framtidsutsikter i barnedødligheten

Grafikk som viser korleis forskarane ser føre seg at utviklinga i barnedødelegheita kan bli. For å nå FNs berekraftsmål for barnedødelegheit, er vi avhengige av at prosessane blir Skunda fram i ein del land. Samtidig kan vi risikere at utviklinga snur i land med konflikt og fare for humanitære kriser.

Grafikk: Bill and Melinda Foundation

Og trass i framgangen som har vore, ser Unicef at utviklinga har gått feil veg i land som Venezuela og Syria. Generalsekretær Camilla Viken i Unicef Norge meiner difor det er viktig å halde fram arbeidet som er i gang.

– Det går rette vegen, og det er grunn til å feire. Men om vi ikkje klarar å halde fram med denne trenden, vil 50 millionar barn døy dei neste åra av årsaker vi kan hindre. Det kan vi ikkje leve med.