NRK Meny
Normal

Barna får traumer

Folk i Gaza brenn møblane sine for å få varme og lage mat. Barn sluttar å snakke.

Skadet barn på Gaza
Foto: KAREL PRINSLOO / AP

Det fortel Karen Koning Abuzayd i FNs hjelpeorganisasjon.

I dag møtte utanriksminister Jonas Gahr Støre leiaren for FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA). Karen Koning AbuZayd skildrar situasjonen i Gaza som svært alvorleg.

Organisasjonen har mange tusen tilsette i Gaza og kjenner situasjonen svært godt. I går og i dag fekk dei inn noko hjelp.

- Vi har så vidt fått inn litt drivstoff til kraftverka slik at folk får litt elektrisitet og dermed vatn. Men frykta er like alvorleg som dei fysiske behova. Vi får rapportar om at ungar ikkje lenger snakkar, dette skjer mange stader og vi høyrer grusomme historier også frå våre eigne tilsette, seier Karen Koning Abuzayd i UNRWA.

Gjenoppbygginga blir svært dyr

Utanriksminister Jonas Gahr Støre legg stor vekt på det leiaren for FN-organisasjonen fortel.

- Du får ikkje betre augevitneskildringar enn frå henne, for dette er den leiande hjelpeorganisasjonen for palestinarane i Gaza. Dei har over 10.000 tilsette i Gaza. Vi får gode augevitneskildringar og ein første diskusjon om behova framover, seier Støre.

Øydeleggingane er så store at det kjem til å koste milliardar av kroner å byggje opp att området når krigen er over, ifølgje UNRWA.

- Vi veit ikkje enno det nøyaktige beløpet, for vi har ikkje fått reist rundt på Gaza for å vurdere behova. Men berre det å byggje opp att dei husa som er øydelagt og våre eigne skular og klinikkar, det vil minst koste fleire hundre millionar dollar, seier Karen Koning Abuzayd, som håper Noreg vil ta ei leiande rolle i arbeidet med å gjenoppbygge Gaza.

Frykter utilsikta verknader

- Det er ein vanskeleg situasjon i Gaza ettersom krigføringa held fram og til dels vert trappa opp, seier Tor Vennesland, som er Noreg si utsending til dei palestinske områda. Utan ei rask løysing på konflikta frykter han "utilsikta verknader" i heile Midtausten.

I går var det kraftige kamphandlingar i sør-Gaza, og svært mange er drepne på Gaza-stripa. No flyttar kamphandlingane seg til sivile område der skadene ifølgje Vennesland kan bli endå meir omfattande. Vennesland fryktar det raseriet som byggjer seg opp hos palestinarar over heile Midtausten.

- Dette er ein krig som gjer kraftig inntrykk på palestinarar på Vestbreidda og elles i Midtausten., seier Vennesland.

Støre vil rekruttere givarar

Utanriksminister Jonas Gahr Støre reiser til Egypt i morgon, og han håper å få med seg fleire givarar som kan bidra til gjenoppbygging i Gaza.

- Noreg gir 150 millionar kroner. Eg trur vi må auke det ytterlegare i løpet av 2009. Men vi må få med fleire land, dette er eit spleiselag. Dersom ein vel bort støtte til UNRWA, så tek ein bort livslinja for tusenvis av palestinarar, seier Støre, som viser til at Framstegspartiet ynskjer å kutte i støtta til UNRWA.

FN sin hjelpeorganisasjon håper å få inn meir hjelp til Gaza i dag, etter at dei lyktest å få inn ein del lastebilar med hjelpesendingar i går. Men det er vanskeleg å få maten ut til folk.

- Det er berre eitt punkt der vi kan krysse grensa, og vi har eit system der israelske lastebilar dumpar alt på Gaza-stripa, og så kjem palestinske bilar og hentar forsyningane og køyrer dei til varehusa våre, og så må folk komme seg dit for å hente maten. Men det er begrensa med drivstoff, så det er uendeleg mange problem med å få mat og andre forsyningar ut til folk, seier Karen Koning Abuzayd.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt