Hopp til innhold

Barn hiv-smitta på sjukehus

Minst 14 barn er døde etter at tilsaman 147 vart smitta av hiv på eit sjukehus aust i Usbekistan.

Tolv tilsette på sjukehuset er dømde til mellom fem og åtte år i fengsel for å ha forsømd arbeidet sitt etter dødsfalla. Smitten skjedde i byen Namangan i perioden 2007-2008, ifølgje nyheitsportalen Ferghana.ru .

Ikkje sterilt utstyr

Smitten spreidde seg då usterilisert medisinsk utstyr vart brukt på sjukehuset, hevdar familiemedlemmer til ofra i filmen.

– Tilsette på sjukehuset forsømde oppgåvene sine då dei ikkje overheldt sanitærreglar og ikkje gjorde grep mot sjukdomsspreiing, seier aktor Bakhtier Shodmonov i ein video som tidlegare ikkje er publisert om saka.

Sensurert video

Nettstaden seier ifølgje nyheitsbyrået Reuters at innhaldet til videoen er laga tidlegare, men at dette aldri vart kringkasta på grunn av strenge reglar i det sentralasiaitiske landet.

I 2008 vart tre legar dømde til tre år kvar i fengsel for å ha forsømd arbeidet sitt etter at 24 barn vart smitta av hiv.