Mahmoud Abbas er Fatahs kandidat til presidentvalet. (Foto: Reuters/Scanpix)
I går kveld gjekk fristen for å registrere seg som kandidat i presidentvalet 9. januar neste år. Det som såg ut til å skulle bli ein grei siger for PLO-leiar Mahmmoud Abbas, vart kasta ut i uvisse igjen i går. Årsaka er at den fengsla Fatah-leiaren på Vestbreidda, Marwan Barghouti, i siste augneblinken kasta seg inn i kampen.
Fatah
Berre få dagar før hadde han lovd leiarar i Fatah at han ikkje ville utfordre Mahmoud Abbas, som er Fatahs offisielle kandidat. Han har gjort det klart at denne lovnaden vart gitt under press, og at han ikkje kjende seg forplikta av lovnaden.
Avgjerda om å stille har skapt sinne i Fatah. Generalsekretær Tayed Abdelrahim kallar det forkasteleg, og stikk is trid med tradisjonane i Fatah. Også leiaren for Al Aqsa-brigadane i Jenin har kritisert Barghouti, fordi han handlar mot sentralkomiteen i Fatah.
Det er frykt i Fatah, som er den største organisasjonen i PLO, at Barghouti sitt kandidatur vil styrkje dei militante organisasjonane Hamas og Jihad.
Marwan Barghouti har sterk folkeleg støtte i dei palestinske områda, truleg langt større enn Mahmmoud Abbas. Derfor er utfallet av valet heilt ope, og dei palestinske styresmaktene vil få ein verkeleg test på korleis dei står i det palestinske samfunnet.
Valkamp frå cella
Israel har gjort det klart at dei ikkje har tenkt å setje Barghouti fri, men at han må drive valkamp frå fengselscella. Kva som blir situasjonen i dei palestinske områda dersom Barghouti skulle vinne valet, er også vanskeleg å seie.
Å styre frå ei israelsk fengselscelle blir endå vanskelegare enn å styre frå eit utbomba hovudkvarter i Ramallah, slik Yasir Arafat gjorde.
Det er også urealistisk å rekne med at Israel vil samrbeide med ein adminstrasjon med Barghouti som øvste leiar. Barghouti blir rekna som langt meir kompromisslaus leiar i forhold til Israel enn Abbas.
Fem livstidsdommar
Marwan Barghouti er dømd til fem livstidsdommar av ein israelsk domstol. Han er funnen skuldig i å ha planlagt fleire terrorraksjonar mot israelske borgarar, der mange menneske vart drepne. Barghouti nektar for dette, og seier at han berre er ein politisk leiar.
Israelske styrsemakter meiner at Barghuti er den eigentlege leiaren for den ytterleggåande gruppa Al Aqsa-brigadene, som har stått bak fleire terroraksjonar.
I tillegg til Barghouti og Abbas er det altså åtte kandidatar til.
DFLP
Den militante og sekulære gruppa DFLP (Den demokratiske fronten for frigjering av Palestina) stiller med Tayssir Khaled, medan det tidlegare palestinske kommmunistpartiet, no Folkepartiet, har Bassam al-Salhi som sin kandidat.
Den fungerande presidenten i den palestinske nasjonalforsamlinga, Hassan Khreisheh, kjend som ein ivrig anti-korrupsjonsjeger, er også kandidat. Det er også demokratiaktivisten Mustafa Barghouti, og professor ved Universitetet i Nablus, Abdelsattar Qassem.
I tillegg til desse er det tre ukjende kandidatar, Abdelkarim Jubeir, Hussein Barakah og Abdelhalim Al-Ashqar.
Ingen av dei 10 på lista er frå Gazastripa, og det er ingen kvinner blant kandidatane.
Dei militante islamistiske gruppene Hamas og Jihad har begge sagt at dei boikottar presidentvalet.