Ehud Barak vil bli leiar i det israelske arbeidarpartiet. (Scanpix-foto)
Om to veker skal partiet velje ny leiar, og Ehud Barak (63) har overraskande meldt seg på i leiarkampen. Dei fleste trudde at den tidlegare generalen var ferdig med politikken etter det audmjukande nederlaget for Ariel Sharon i statsministervalet i 2001.
Ein tapar
På ein pressekonferanse i dag kalla Barak 81 år gamle Shimon Peres for ein tapar, og viste til at Peres aldri har vunne eit val for Arbeidarpartiet som partileiar eller statsminister.
Barak fekk mykje kritikk for den autoritære leiarstilen sin då han var statsminister, men fekk også ros, særleg i utlandet, for at han trekte dei israelske styrkane ut av Sør-Libanon i 2000.
Ehud Barak er Israels mest dekorerte krigshelt nokon gong, men han vart aldri særleg populær som statsminister. Det palestinske opprøret som starta hausten 2000, gjorde at han tapte klart statsministervalet mot Ariel Sharon.
Leiarkrise
Det israelske arbeidarpartiet har lenge vore prega av ei alvorleg leiarkrise. Veteranen Shimon Peres gjekk inn som ny leiar etter at partiet gjekk på ein ny kjempesmell ved det siste parlamentsvalet.
Meiningsmålingar viser at Peres har større støtte enn Barak i partiet, men dette avviste han i dag i kjent stil.
- I beste fall viser meiningsmålingar ei stemning. Du bygg ikkje leiarskap på meiningsmålingar, sa Ehud Barak på pressekonferansen i dag.
Statsminister
Bakak legg ikkje skjul på at han satsar på å bli statsminister igjen. Han seier at Israel treng ei endring no etter mange år med Likud og Ariel Sharon.
I dag er Arbeidarpartiet med i Sharons regjerignskoalisjon, og Shimon Peres er visestatsminister.
Valet i det israelske arbeidarpartiet er 28. juni.