NRK Meny
Normal

Barak dannar nytt israelsk parti

Den israelske forsvarsministeren og tidlegare statsminister, Ehud Barak, bryt ut frå Arbeidarpartiet og dannar eit nytt parti.

Tidlegare statsminister Ehud Barak startar eige parti

Tidlegare statsminister Ehud Barak kunngjorde at han startar eige parti på ein pressekonferanse i dag.

Foto: LIOR MIZRAHI / Afp

Barak kunngjorde dette på ein pressekonferanse i føremiddag.

Han seier det nye partiet «Uavhengigheit» er sionistisk og demokratisk, og at dei vil søkje mot sentrum.

Barak har fram til i dag vore leiar for det israelske Arbeidarpartiet, som sit i regjering saman med konservative Likud.

Ifølgje israelsk presse kjem også fire andre arbeidarpartipolitikarar til å bryte ut av regjeringa. Både landbruksminister Shalom Simchon og viseforsvarsminister Maran Vilnai skal vere blant desse, melder israelsk fjernsyn og radio.

Framleis majoritet

På pressekonferansen i dag sa Barak at partiet har bede Knesset om å bli godkjend som eit nytt parti, og heldt fram:

– I staten Israel står vi overfor utfordringar som ikkje er enkle. I sentrum for desse står den politiske prosessen med palestinarane, og med regionen, tryggleiken og samansette utfordringar for økonomien og samfunnet elles.

Kva dette betyr for regjeringa, er ikkje klart. Arbeidarpartiet er det tredje største partiet i regjerina til Benjamin Naetayahu, og har 13 av 120 plassar i nasjonalforsamlinga Knesset.

Når fem arbeidarparti-representantar no bryt ut, vil regjeringa til Netanyahu framleis ha majoritetsstyre med 61 plassar i nasjonalforsamlinga, skriv nyhetisbyrået AFP.

Omstridd samarbeid

Arbeidarpartiet fekk det dårlegaste resultatet nokosinne i valet 10. februar 2009 . Likeval sa dei ja til å sitte i ei høgredominert regjering saman med Likud, Shas og Yisrael Beitenu .

– Ei rein høgreregjering vil berre skape problem, sa Barak etter valet.

Det var knytt stor spenning til avgjerda i sentralstyret til partiet. Mange reagerte sterkt på at Barak valde å samarbeide med Netayahu, og skulda han for å gjere dette på grunn av eigne ambisjonar om å halde fram som forsvarsminister.

I dag har fleire arbeidarpartipolitikarar forsvart sitt eige parti.

– Arbeidarpartiet er ikkje avhengig av ein person. Denne krisa gir oss sjansen til å byggje opp igjen eit sterkt parti. Arbeidarrørsla har lagt ein ny kurs, seier minoritetsminister Avishay Breverman.

Ehud Barak, til venstre, og Benjamin Netanyahu

Ehud Barak og Benjamin Netanyahu.

Foto: Bernat Armangue / AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt