NRK Meny
Normal

Barack Obamas stabssjef går av

Stabssjefen i Det kvite hus, Bill Daley, går av. Han blir erstatta av budsjettdirektør Jack Lew, opplyser president Barack Obama.

Bill Daley og Barack Obama

Bill Daley saman med Barack Obama.

Foto: LARRY DOWNING / Reuters

Jack Lew.

Budsjettdirektør Jack Lew blir ny stabssjef i Det kvite hus.

Foto: J. Scott Applewhite / Ap

Obama stadfesta meldinga frå tidlegare i kveld om Daleys avgang under ein pressekonferanse i Det kvite hus klokka 12 i kveld.

Obama valde Daley til ny stabssjef i januar 2011, men han skal ha hatt ein del problem med å tilpasse seg forholda i Det kvite hus. Skiftet skal skje i slutten av månaden, melder Ap.

Dermed går han ikkje av før etter presidentens årlege tale om tilstanden i riket.

Bill Daley tok over etter Rahm Emanuel, som gjekk av fordi han ville prøve å bli valt til borgarmeister i Chicago.

Daley var handelsminister under Bill Clinton, og han leidde valkampen til Al Gore i 2000. Han er broren til den nyleg avgåtte borgarmeisteren i Chicago, Richard M. Daley.

Det var avisene Chicago Tribune og Los Angeles Times som først melde at Bill Daley skal gå av.

Saka blir oppdatert

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt