Barack Obama ut mot Trumps bruk av føderale styrkar

Tidlegare president i USA, Barack Obama, fordømde Donald Trumps bruk av føderale styrkar mot demonstrantar då han heldt minnetale i gravferda til politikaren og borgarrettsleiaren John Lewis.

Barack Obama ved John Lewis kiste

Tidlegare president i USA, Barack Obama, langa ut mot president Donald Trump då han heldt minnetale i gravferda til borgarrettsaktivisten John Lewis torsdag.

Foto: AFP

Barack Obama kom torsdag med det som er hans kraftigaste angrep mot Donald Trump så langt. Han nemnde ikkje den amerikanske presidenten ved namn, men det var aldri tvil om kven han sikta til.

– I dag er vi vitne til at vår føderale regjering sender styrkar for å bruke tåregass og batongar mot fredslege demonstrantar, sa Obama i minnetalen over tidlegare medlem av Representanthuset og borgarrettsleiaren John Lewis, som døydde 17. juli, 80 år gammal.

Han var ein av talarane i Washington i 1963 då Martin Luther King Jr. heldt sin kjende «I Have A Dream»- tale.

Under ein demonstrasjon i Alabama i 1965 blei ha alvorleg skadd. Han fortalde sjølv at han blei gripen 40 gongar på 1960-talet, og fem gongar som kongressmann

Lewis blei gravlagd frå Ebenezer Baptist Church i Atlanta der King var pastor.

John Lewis var ein av leiarane under borgarrettskampen i USA på 1960-talet. I 2011 fekk han fridomsmedaljen av dåverande president Barack Obama.

Foto: Alex Wong / AFP

Stengde stemmelokale

Obama brukte minnetalen også til å lange også ut mot grepa styresmaktene har teke for å gjere det vanskelegare for minoritetsgrupper å stemme, og Trumps stadige utfall mot poststemmer.

– Medan vi sit her er det maktpersonar som gjer kva dei kan for å rå frå folk å stemme ved stenge vallokale og ramme studentar og minoritetar. Dei undergrev til og med posten før eit val som kjem til å vere avhengig av poststemmer.

I minnetalen sa Obama at Lewis gjorde alt han kunne for å ta vare på demokratiet, og at det var viktig å halde fram kampen.

Heidra av presidentar

I tillegg til Obama var også dei tidlegare presidentane George W. Bush og Bill Clinton til stades under gravferda i Atlanta.

– John Lewis såg alltid utover og ikkje innover. Han tenkte alltid på andre. Han forkynte alltid ordet i ord og handling, og insiterte på at vi måtte svare hat og frykt med kjærleik og håp, sa Bush

George W. Bush under begravelsen til John Lewis

Tidlegare president George W. Bush var også til stades under gravferda.

Foto: AFP

Den eldste nolevande, tidlegare amerikanske presidenten, Jimmy Carter, deltok ikkje under gravferda. Men han sende kondolansar til dei etterlatne, melder CNN.

Heller ikkje president Donald Trump deltok under gravferda.

SISTE NYTT

Siste nytt