Hopp til innhold

Barack Obama endeleg røykfri

Barack Obamas personlege lege slår fast at presidenten er ved god helse og at han endeleg har slutta å røykje.

Barack Obama likar å trene og er i god form.

Barack Obama under ei treningsøkt på Hawaii i 2008.

Foto: TIM SLOAN / AFP

Dr. Jeff Kuhlmann, som også er kaptein i marinen, har berre godord å kome med om helsa til USAs president. Han rapporterer at Obama har eit sunt kosthald, at vekta står i forhold til høgda, at han er røykfri og at han er fysisk aktiv.

Han legg til i rapporten sin at Obama av og til drikk alkohol i moderate mengder.

Dette er første gong rapporten som slår fast at Barack Obama no endeleg er røykfri. I tidlegare helserapportar har det stått at han har jobba med å kutte røyken. I desember i fjor sa presidenten sin talsmann at Obama sleit med å slutte å røykje, og at han ikkje var stolt av å ha denne uvanen.

Jeff Kuhlmann konkluderer i rapporten sin med at presidenten seie helse er «excellent».

– Presidenten seie helse er glimrande, og at alle kliniske data tyder på at han vil vere ved god helse gjennom heile presidentperioden sin. Han er ein sprek 50-åring, heiter det i helserapporten.

Les heile rapporten her

SISTE NYTT

Siste nytt