Hopp til innhold

Bannlyser homoparadar i 100 år

Den øvste domstolen i Moskva bestemte i dag at homoparadar skal vere ulovleg i hovudstaden for dei neste 100 åra.

Nikolay Alexeyev

Nikolay Alexeyev har vore den framste forkjemparen i Russland for homofile rettar sidan homofili vart lovleg i 1993.

Foto: Alexander Zemlianichenko / Ap

Tidlegare møtte den mest kjende homoaktivisten i Russland, Nikolay Alexeyev, opp ved rettssaka for å få ein slutt på bystyret sitt forbod mot homoparadar, skriv BBC.

Han hadde spurt om løyve til å arrangere slike paradar for dei neste 100 åra. I tillegg jobba han for å få ein slutt på St. Petersburg sitt forbod mot «homoseksuell propaganda».

I dag sa han at han ville gå til den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, for å anke forbodet mot homoparadar.

Vil ikkje ha offentleg uro

Bystyret i Moskva argumenterar for at homoparaden vil risikere offentleg uro, og at dei fleste moskovittar ikkje støttar eit slikt arrangement.

I september vil menneskerettsgruppa Det Europeisk Rådet undersøkje Russland sin respons til ein tidlegare menneskerettsbeslutning som handla om homofile rettar.

I oktober 2010 sa den europeiske menneskerettsdomstolen at Russland hadde diskriminert Nikolay Alexeyev på bakgrunn av seksuell legning.

Kan vere ulovleg å kysse

I fjor haust vart det vedteke ei anna homofiendtleg lov på nasjonalt nivå. President Vladimir Putin innførte lova som kan gå så langt at det vert ulovleg for to personar av same kjønn å kysse openlyst på gata.

– Dette bevisar at homofile i Russland framleis er å sjå som syndebukkar, som er eit lett byte i skitne politiske spel, sa Nicolas Aleceyev til NRK.no den gongen.

Homofili vart lovlig i Russland i 1993, og fjerna frå lista over psykiske lidingar fem år seinare. Men ifølgje organisasjonen Gay Russia meiner over 80 prosent av russerane at homofili er moralsk forkasteleg.

Video Sammenstøt under homoparade i Moskva

Sammenstøt under homoparade i Moskva

SISTE NYTT

Siste nytt