Bankelydar kan kome frå sakna ubåt

Den sakna argentinske ubåten med 44 menneske om bord har nok oksygen om bord til at dei kan greie seg under havoverflata i sju døgn. I kveld stadfesta den argentinske marinen at det er fanga opp bankelydar som kan kome frå ubåten.

Pårørande har samla seg utanfor marinebasen i Mar del Plata.

Mange pårørande har samla seg utanfor marinebasen i Mar del Plata i håp om gode nyheiter frå søket etter den sakna argentinske ubåten «San Juan».

Foto: Eitan Abramovich / AFP

Det var CNN som tidlegare i dag melde at den amerikanske marinen kan ha fanga opp lydar frå ubåten. Sonarane på to skip har fanga opp lydar som kan høyrast ut som verktøy som blir slått mot skroget.

Den argentinske marinen stadfesta i kveld dette. Dei meiner at posisjonen der lydane vart fanga opp, stemmer med kursen som ubåten måtte ta for å nå fram til basen i Mar del Plata.

Ubåt

Dette biletet av den sakna argentinske ubåten er frå 2013.

Foto: Argentina Navy / AP

Ubåten «San Juan» har vore sakna i Atlanterhavet utanfor Patagonia i det sørlege Argentina sidan sist onsdag. Då gjekk fartøyet i overflatestilling og varsla om ein feil i batterisystemet.

Normalt problem

Slik kapteinen på ubåten framstilte problema sist onsdag verka det å vere eit vanleg problem på ubåtar, og som ikkje skulle utgjere nokon fare for mannskap og fartøy

Fartøyet fekk ordre om straks og å endre kurs og gå til hamn i Mar del Plata. Normalt sett skulle ubåten ha kome til hamn i Mar del Plata i dag, om det berre var kommunikasjonen med omverda som var nede.

I dag vart det også klart at dei sju signala som argentinske marinebasar fanga opp i helga, ikkje kom frå den sakna ubåten. Oppringingane kom frå eit fartøy som opererer på same frekvens som denne tyskbygde ubåten.

U.S. Navy Boeing P-8A Poseidon maritime patrol aircraft.

Eit Boeing P8-A Poseidon-fly, spesialbygd for søk etter ubåtar, deltek i leitinga etter den sakna argentinske ubåten i det sørlege Atlanterhavet.

Foto: Darrin Zammit Lupi / Reuters

Det er sett i verk ein gigantisk redningsaksjon for å finne «San Juan». Fartøy og fly frå seks land deltek i leitinga, blant dei det norske offshoreskipet «Skandi Patagonia». Den amerikanske marinen deltek i leitinga med eit fly som er spesialbygd for å leite etter ubåtar.

Sju meter høge bølgjer

Det aktuelle havområdet er kjent for ekstreme verforhold. Det har vore registrert bølgjer på over sju meter, og leitearbeidet blir karakterisert som vanskeleg. Leitinga går føre seg i eit område på rundt 300 kilometer i diameter.

Saka har vekt sterke kjensler i Argentina. Heile landet følgjer med på mediedekninga, og mange av dei pårørande har samla seg i Mar del Plata for å vente på nytt om slektningane sine.

Maria Krawczyk, Argentinas første ubåt-offiser.

Eliana Maria Krawczyk, den første kvinnelege ubåtoffiseren i Argentina, er ei av dei 44 om bord i den sakna ubåten.

Foto: Social Media / Reuters

Ei av dei 44 menneska om bord i den sakna ubåten er Eliana Maria Krawczyk (35), som er Argentinas første kvinnelege ubåt-offiser. Draumen hennar er å bli ubåtkaptein ein gong, har ho fortalt i ein Facebook-video. Stillinga hennar no er skipssersjant.

Oksygen til sju døgn

Talsmann for den argentinske marinen, Enrique Balbi, seier at «San Juan» har nok mat og drivstoff om bord til å greie seg i 90 dagar i overflatestilling, men at ubåten berre har oksygen nok til å klare seg i sju dagar i neddykka stilling.

Det har no gått fem døgn sidan den siste kommunikasjonen med omverda. Det er uklart kor lenge fartøyet hadde vore i neddykka stilling før denne kontakten, slik at det ikkje er sikkert at dei kan greie seg under overflata så lenge som sju døgn, ifølgje den britiske avisa The Guardian.

ARA San Juan

VIDEO: Ubåten «San Juan» med 44 menneske om bord er sakna i det sørlege Atlanterhavet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt