Hopp til innhold

Nasjonalforsamlinga oppløyst – fredsprisvinnar skal leie overgangsregjering

Bangladeshs statsminister rømde landet måndag.

Muhammad Yunus

LEIAR: I 2006 fekk Muhammad Yunus fredsprisen for å ha gitt såkalla mikrolån til fattige som ikkje kvalifiserer til å få lån i tradisjonelle bankar. Han var demonstrantane sitt soleklare ønske når det blei snakk om ei overgangsregjering i Bangladesh.

Foto: Daniel Sannum Lauten / AFP

Måndag storma demonstrantane statsministerbustaden i Bangladesh. Statsminister var derimot på eit fly på veg ut av landet.

Nasjonalforsamlinga i Bangladesh er no oppløyst, og militæret har gitt seg sjølv oppdraget med å organisere ei ny, mellombels, regjering etter at statsministeren flykta landet.

Tysdag ettermiddag har Muhammad Yunus sagt seg vilig til å leie overgangsregjeringa.

– Eg er stolt over tilliten frå demonstrantane som ønskjer at eg skal leie overgangsregjeringa, seier 84 år gamle Yunus.

– Dersom det trengst handling i Bangladesh, for landet mitt og det modige folket mitt, så er eg villig, seier han.

Samstundes manar leiaren for militæret, Waker-Uz-Zaman, til ro etter over ein månad med protestar.

Demonstrantane har gjort det klart at dei vil ha Yunus, som fekk Nobels fredspris i 2006, som sjefsrådgivar i ei ny regjering.

Folk klappar og jublar for Hasinas avgang.

Stor jubel braut ut då det kom fram at statsminister Sheikh Hasina trekte seg frå statsministerposten.

Foto: Mohammad Ponir Hossain / Reuters

Militæret snakkar no med dei største opposisjonspartia og representantar frå sivilsamfunnet.

Tysdag møtte dei organisatorane av studentprotestane, som har gjort det klart at dei ikkje ønsker noko militærstyre.

I forkant av møtet, gjekk Nahid Islam, ein frontfigur og talsperson for protestane, ut med krav om at Yunus skulle få ei rolla som sjefsrådgivar i ei ny regjering. Det skriv ABC News.

«Bankmann for dei fattige»

Yunus blir kalla «bankmannen for dei fattige». På 70-talet oppretta han Grameen Bank, som lånte ut pengar til fattige innbyggarar.

I 2006 fekk han Nobels fredspris, og blei hylla for å tilby millionar av bangladesharar ein veg ut av landets fattigdom.

Den idealistiske økonomen meiner at «kreditt burde vere ein menneskerett».

Mohammad Younis i lilla rutete skjorte

Muhammad Yunus har arbeidd som professor i økonomi og har skrive fleire bøker. Han blir sett på som ein pioner innan mikrofinansiering.

Foto: Munir Uz Zaman / AFP

Men prosjektet med Grameen Bank hausta også kritikk, og var ikkje så roseraudt som det gav uttrykk for.

I 2010 publiserte NRK Brennpunkt dokumentaren «Fanga i mikrogjeld», som viste at mange av låntakarane, enda opp i ein destruktiv gjeldsspiral.

Statsminister Sheikh Hasina har skulda Yunus for å «suge blod ut av fattige», og i januar blei Yunus og tre andre sikta for brot på arbeidslova. Amnesty er ein av menneskerettsorganisasjonane som meiner at skuldinga er politisk motivert.

Dronning Sonja gratulerte Yunus med Nobels fredspris i 2016.

Dronning Sonja gratulerte Yunus med Nobels fredspris i 2016.

Foto: Lise Åserud / NTB

Yunus har over 100 saker mot seg i Bangladesh, alt frå korrupsjon til pengevasking, skriv Reuters.

Men studentane har trua på Yunus. Og ifølge protestleiar Islam vil dei i tida framover annonsere kven andre dei ønsker i regjering.

Ein direkte protest mot Hasina

Regjeringas fall starta med studentprotestar mot eit omstridt kvotesystem for arbeidsplassar i den bangladeshiske administrasjonen.

Systemet gav ein av tre offentlege jobbar til familiemedlemar til veteranar frå uavhengigheitskrigen i 1971.

– Ganske raskt utvikla det seg til å bli ein protest mot statsministeren, seier Arild Engelsen Ruud, professor i Sør-Asia-studiar ved Universitetet i Oslo, til NRK.

Protesters shout slogans as they celebrate after getting the news of Prime Minister Sheikh Hasina's resignation, in Dhaka, Bangladesh, Monday, Aug. 5, 2024. (AP Photo/Rajib Dhar)

Demonstrantar jublar etter å ha fått nyheitene om at statsministeren har gått av.

Foto: Rajib Dhar / AP

Ruud fortel at mange var leie av styret til Hasina. Kritikarar er blitt kasta i fengsel, korrupsjon har vore omfattande og nepotisme utbreidd.

Samtidig har Bangladesh stått overfor økonomiske utfordringar.

– Plutseleg eksploderte det og blei ein direkte protest mot henne og det nokså korrupte og sjølvtilfredse regimet ho representerte, fortel Ruud.

Flykta landet

Måndag landa statsminister Sheikh Hasinas helikopter i Agartala, hovudstaden i den indiske staten Tripura. Ho reiste saman med søstera si, skriv CNN.

Hasina har vore statsminister sidan 2009. I januar vann ho sitt fjerde val på rad, utan noko reell opposisjon.

(FILES) In this handout photograph taken and released on July 25, 2024 by Bangladesh Prime Minister's Office, Prime Minister Sheikh Hasina addresses the media at a vandalized metro station in Mirpur, after the anti-quota protests. Thousands of Bangladeshi protesters stormed the palace of Prime Minister Sheikh Hasina in Dhaka on August 5, after a source told AFP she had fled mass demonstrations demanding she quit. (Photo by Bangladesh Prime Minister's Office / AFP) / XGTY / RESTRICTED TO EDITORIAL USE - MANDATORY CREDIT "AFP PHOTO /Bangladesh Prime Minister's Office" - NO MARKETING NO ADVERTISING CAMPAIGNS - DISTRIBUTED AS A SERVICE TO CLIENTS

Statsminister Sheikh Hasina har rømd landet. På bildet held ho ein tale på ein vandalisert t-banestasjon tidlegare i sommar.

Foto: Bangladesh Prime Minister's Office / AFP

Ho er dotter av Sheikh Mujibur Rahman, ein av grunnleggarane av den sjølvstendige staten Bangladesh. Han blei landets første president og seinare statsminister.

Dei siste dagane har demonstrantar vandalisert fleire av minnestadane for Rahman. Fleire statuar av han er blitt rivne ned og måndag blei eit minnemuseum i hovudstaden sett fyr på.

Mest valdelege protestar i landets historie

Protestane i Bangladesh starta som fredelege, men har den siste tida blitt blant dei mest valdelege landet har sett på over 50 år.

Minst 300 er blitt drepne i protestane. 11.000 er arresterte, og både skular og universitet er stengde.

Folk feirar i gatene.

Folk har strøymde ut i gatene for å feire at Hasina har trekt seg. Det har vore eit mål for fleire tusen demonstrantane.

Foto: Mohammad Ponir Hossain / Reuters

Berre søndag blei minst 94 personar drepne, blant dei 14 politibetente.

Måndag blei 109 drepne, ifølge AP News.

Soldatar og politi barrikaderte fleire gater som leier til Hasinas kontor med piggtråd, men enorme folkemengder kom seg forbi hindringane.

Tusenvis av demonstrantar marsjerte gjennom hovudstaden Dhaka og braut seg inn i palasset måndag, ifølge den bangladeshiske avisa Prothom Alo Daily.

The Business Standard anslår at 400.000 demonstrantar var i gatene, men det er ikkje stadfesta.

A portrait of Bangladesh's founding father Sheikh Mujibur Rahman is pictured as anti-government protestors set ablaze the Bangabandhu Memorial Museum in Dhaka on August 5, 2024.

Minnemuseet av Sheikh Mujibur Rahman blei sett fyr på av demonstrantar måndag.

Foto: Abu Sufian Jewel / AFP

Kan gi nye mogelegheiter

Sidan demonstrasjonar mot Hasina braut ut i juli, har militæret skote med skarpt mot studentar og andre som har protestert i gatene. Men i dag er altså militærsjef Waker-Uz-Zuma på lag med studentane.

– No er jobben dykkar å halde dykk rolege og hjelpe oss, seier han.

Soldatar på ei stridsvogn blokkerer ei av hovudgatene i Dhaka.

Soldatar blokkerer ei av hovudgatene i Dhaka.

Foto: MUNIR UZ ZAMAN / AFP

Sør-Asia-professor Ruud meiner det er vanskeleg å sjå føre seg korleis militæret skal klare å finne ei ordning som er allment akseptert.

Samtidig meiner han at dette kanskje kan få bukt med nepotismen og korrupsjonen:

– Kanskje opnar det seg heilt nye mogelegheiter no.

SISTE NYTT

Siste meldinger