Hopp til innhold

Ban Ki-moon: – Verdas folk. Ver glade!

I dag er det FNs internasjonale gledesdag, og generalsekretær Ban Ki-moon har ein enkel bodskap: – Ver glad! Sjølv vert han glad av songen «Sign, sealed, delivered».

På alle dei seks offisielle FN-språka ramsar generalsekretæren opp sin bodskap. Alle må vere glade på den internasjonale gledesdagen, synest sørkoreanaren.

Ki-moon har tidlegare sagt at «sosial, økonomisk og miljømessig velvære er uvurderleg».

– Til saman definerer desse tre pilarane for berekraftig utvikling global lykke, sa Ban Ki-moon under eit FN-møte for nokre år tilbake.

Speleliste med lykkelege songar

Og møtet vart arrangert av «verdas lykkelegaste land», Bhutan, der lykke vert brukt som eit mål for brutto nasjonalprodukt. Eller «brutto nasjonal lykke», som det vert kalla.

I anledning lykkedagen skal FN halde ein stor konsert og dei har lansert ei speleliste med lykkelege songar. Der har mellom anna Ed Sheeran, Cody Simpson og Stevie Wonder fått plass.

Og kven var det som fekk Stevie Wonder ført opp på lista? Jo, det var generalsekretær Ban Ki-moon som har «Sign, sealed, delivered» som sin «favoritt-lykke-song».

Også du kan føreslå kva song som er mest lykkeleg (saka held fram under videoen):

Eigen lykke-resolusjon i FN

Formålet med den internasjonale lykkedagen er å få folk til å forstå at det er viktig med sosiale band, også over internett, for å kunne vere lykkeleg. «Di lykke er del av noko større», er slagordet på dagens offisielle nettsider.

Rørsla som står bak nettsida meiner det er ei global haldningsendring på veg, der folk no ser på auka menneskeleg lykke og velvære som «framgang», og at det ikkje berre er økonomisk framgang som er positivt.

Tilbake i 2011 vedtok også FN ein resolusjon der det mellom anna står at «det å trakte etter lykke er eit grunnleggjande menneskeleg mål».

Noreg er verdas nest mest lykkelege land

Om verda har blitt meir eller mindre lykkeleg sidan resolusjonen såg dagens lys for fire år sidan er vanskeleg å seie for sikkert.

Men på den siste globale rangeringa av lykke som vart gjort kjem Noreg på andreplass over dei mest lykkelege landa i verda. Einaste landet som visstnok skal vere lykkelegare er Danmark.

Faktorane som ligg til grunn for rangeringa er brutto nasjonalprodukt, forventa levealder, det at alle har nokon ein kan stole på, fridom til å ta sine eigne val i livet, fridom frå korrupsjon og sjenerøsitet.

SISTE NYTT

Siste nytt