Hopp til innhold

Ban Ki-moon krev at Israel etterforskar ministerdød på Vestbreidda

FNs generalsekretær krev full gransking frå Israel, for å få klargjort kva som skjedde då ein palestinsk minister døydde etter samanstøytar med israelske tryggingsstyrkar på Vestbreidda i dag.

palestinsk minister død

Den palestinske ministeren tok seg til brystet etter samanstøyt med israelske tryggingsstyrkar. Sjå video frå hendinga.

CLIMATECHANGE-LIMA United Nations Secretary-General Ban Ki-moon gives a speech during the opening of the High Level Segment of the U.N. Climate Change Conference COP 20 in Lima

Ban Ki-moon krev full gransking av dødsfallet til den palestinske ministeren Ziad Abu Ein.

Foto: MARIANA BAZO / Reuters
PALESTINIAN-ISRAEL-CONFLICT-ABBAS

Palestinas president Mahmoud Abbas kallar dødsfallet til Zaid Abu Ein for grotesk. Her held han opp eit bilete av den døde ministeren.

Foto: ABBAS MOMANI / Afp

Ban sa onsdag at han var særs lei seg for Ziad Abu Ein sitt «brutale dødsfall». Abu Ein var ansvarleg for saker som gjaldt israelske busetnader på Vestbreidda. Han skal ha døydd etter å ha vore i håndgemeng med israelske soldatar.

– Unngå eskalering

No krev EU og FNs øvste leiar at Israel etterforskar det som skjedde då israelske styrker bruke hardhendte middel for å stanse ein protestmarsj på Vestbreidda i dag. Samstundes ber Ban Ki-moon om at partane held roa, og ikkje bidreg til auka uro.

– Eg ber palestinarar og israelarar om å legge band på seg sjølve og til å unngå vidare eskalering, sa Ki-moon i dag.

Generalsekretæren har tidlegare tatt til orde for at israelske og palestinske leiarar skal ta opp at fredssamtalane som vart avslutta tidlegare i år, utan at det har skjedd.

På Vestbreidda er mange rasande etter ministerens dødsfall. Palestinas president, Mahmoud Abbas, kallar det heile for ei barbarisk handling som ein ikkje kan akseptere eller teie stille om. Han seier at alle naudsynte skritt vil bli tekne etter at saka er etterforska.

Landesorg

Kva som eksakt skjedde er framleis uklart, men videoar viser at ministeren krangla med israelske tryggingsstyrkar, og hamna etter kvart på bakken. Der tok han seg til brystet, og han døydde seinare på veg til sjukehuset. Politiet vert skulda for å ha dytta og halde rundt mannens hals.

Ein israelsk journalist seier derimot at ingen slo ministeren, og om det skjedde, så var det «i alle fall ikkje med vilje». Den israelske hæren har førebels konkludert med at ministeren døydde av hjarteinfarkt, men at etterforskinga av hendinga kjem til å halde fram.

Abbas har på si side erklært tre dagar med landesorg, og kutta all kontakt som dei har hatt med Israel med omsyn til tryggleik.

SISTE NYTT

Siste nytt