NRK Meny
Normal

Ban Ki-moon: Det vart brukt kjemiske våpen i Syria 21. august

FNs generalsekretær Ban Ki-moon sa i kveld at FN-inspektørane vil leggje fram ein rapport som heilt klart slår fast at det vart brukt kjemiske våpen i Syria 21. august i år.

Video av Ban Ki-moon i FN.

VIDEO: Ban Ki-moon forsnakka seg

Ban Ki-moon sa også at regimet til Syrias president Bashar al-Assad fleire gonger har gjort seg skuldig i brotsverk mot menneskeslekta.

Ban sa dette på spørsmål frå ei kvinnegruppe som vitja FN, og generalsekretæren var ikkje klar over at fråsegnene hans gjekk ut direkte på FNs eigen fjernsynskanal.

Rapporten ferdig

Svenske Åke Sellström har ledet FNs våpeninspektører i Syria

Svenske Åke Sellström stadfestar at rapporten frå Syria er klar.

Foto: KHALED AL-HARIRI / Reuters

Dette skjedde like før leiaren for FN-inspektørane i Syria, svenske Åke Sellström, stadfesta at rapporten no er ferdig, og at han skal leverast til Ban Ki-moon i løpet av helga. Han kunne ikkje seie noko om innhaldet i rapporten.

– Det er opp til generalsekretæren når rapporten skal offentleggjerast, sa Åke Sellström på telefon frå Nederland til nyheitsbyrået Ap.

– Eg trur at rapporten klart vil slå fast at det vart bruk kjemiske våpen, sjølv om eg ikkje kan stadfeste det offentleg før eg har fått rapporten, sa Ban Ki-moon til kvinnegruppa i FN i kveld norsk tid.

LES OGSÅ: Videoene fra Syria granskes

LES OGSÅ: – Svogeren min ble gasset i hjel i Syria

Reknar med indisium

Rapporten, som truleg blir lagt fram førstkomande måndag, kan truleg ikkje seie noko sikkert om kven som stod bak gassangrepet. Det er likevel truleg at det kan leggjast fram klare indisium på kven dei ansvarlege er.

Kvinne hjelpes i Syria

FN-rapporten slår truleg fast at det vart brukt kjemiske våpen i Syria.

Foto: Mohamed Abdullah / Reuters

Ban KI-moon sa blant anna at han er heilt sikker på at det vil kome ein prosess der nokon blir gjort ansvarleg, når dette er over.

Amerikanske styresmakter har sagt at 1429 menneske vart drepne i angrepet med kjemiske våpen i Syria 21. august.

LES OGSÅ: – Ble brukt raketter som hæren har

LES OGSÅ: Storbritannia godkjente eksport av nervegass-komponenter til Syria

Uklart om dødstal

Nyheitsbyrået Reuters melder i dag at det i dette talet kan ha vore også såra, slik at talet på drepne kan vere lågare. Franske styresmakter seier dei har bevis for at 281 menneske miste livet i angrepet, men at talet kan vere så høgt som 1500.

Organisasjonen Legar utan grenser meiner at talet på drepne ligg mellom 322 og 355. Fleire hundre menneske vart såra i angrepa i utkanten av den syriske hovudstaden Damaskus.

LES OGSÅ: Kjemisk angrep kan ha vært tabbe

LES OGSÅ: Leger Uten Grenser: – Minst 355 drepte i Syria

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt