Hopp til innhold

Ballong-vågestykke over Atlanteren

Med 160 gigantiske «bursdagsballongar» festa til kroppen lot sørafrikanske Matt Silver-Vallance seg drifta av garde seks kilometer med vinden over eit iskaldt Atlanterhav.

Med 200 gigantiske ballongar festa til kroppen lot sørafrikanske Matt Silver-Vallance seg drifta av garde seks kilometer med vinden over eit iskaldt Atlanterhav.

Ifølgje stuntmannen sjølv har eit slikt ballong-stunt berre blitt gjort 12 gonger tidlegare. To av gongene enda det fatalt.

Ballongstunt i Sør-Afrika

Til å regulera høgda hadde Matt Silver-Vallance med seg vesker med vassflasker og eit spyd og ein luftpistol til å sprekkja dei heliumfylte ballongane med.

Foto: RODGER BOSCH / Afp

Ballongferda starta på Robben Island, 12 kilometer utanfor kystlinja til Cape Town og enda på havet om lag 300 meter frå fastlandet.

– Eg fekk verkeleg panikk på eit tidspunkt, fordi eg prøvde å dra i tauane til ballongane men dei hadde floka seg saman. Det var som å prøva å trekkja ned 200 kilo og det var heilt umogleg, seier 37-åringen Silver-Vallance til nyheitsbyrået AP.

Inspirert av Mandela

Silver-Vallance seier han var inspirert av ekspresidenten og Nobels fredsprisvinnaren Nelson Mandela, som er verdskjent for sin uselviske kamp mot apartheid og for toleranse.

94-åringen sat 27 år som politisk fange på Robben Island og i andre fengsel for å ha forsøkt å kasta den kvite mindretalsregjeringa.

– Risikoen med dette er ørliten samanlikna med den risikoen som Mandela tok. Han visste ikkje om han nokosinne ville klara å koma seg av øya. Han gjekk ei uviss framtid i møte. Han og mange andre har gjort Sør-Afrika til eit betre land å leva i, seier Silver-Vallance til AP

Matt Silver-Vallance

Trass dramaet undervegs kom Matt Silver-Vallance heilskinna frå ballongstuntet utanfor Cape Town.

Foto: RODGER BOSCH / Afp

– Eg fekk litt hetta

Nelson Mandela

Silver-Vallance håpar å ha samla inn fleire millionar kroner til Nelson Mandela barnesjukehus ved hjelp av den spesielle flyturen sin.

Foto: CLINTON FOUNDATION / AFP

Ein viss risiko tok han likevel med å la seg frifta avgarde med ballongane.

Ifølgje Silver-Vallance sjølv har slike ballong-stunt berre blitt gjort 12 gonger tidlegare. To av gongene enda det fatalt.

Når ballongtauane vikla seg saman og han ikkje kom nær nok til å stikka hol på dei og sleppa heliumgassen ut, måtte han ty til eit anna våpen.

– Då tok eg fram ein luftpistol, men kulene spratt av, så eg fekk litt hetta. Til slutt fekk eg laus nokre av ballongane og begynte å sprekkja dei.

Etter ein god time hadde han fått hol på 35 av dei 160 ballongane og kunne landa heilskinna i ein gummibåt ute på havet.

Føremålet med vågestykket var å samla inn over 6 millionar norske kroner til Nelson Mandela barnesjukehus i Johannesburg i Sør-Afrika.

Ballongstuntet blei gjennomført berre timar før beskjeden kom om at Mandela var utskriven etter ni dagar på sjukehuset under nok ein kamp mot lungebetennelse.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

.

SISTE NYTT

Siste nytt