Hopp til innhold

Bakijev-tilhengjarane gir seg ikkje

Tilhengjarane av den avsette presidenten i Kirgisistan, Kurmanbek Bakijev, nektar å gi opp kampen mot dei nye makthavarane.

Demonstrasjoner i Kirgisistan

Demonstrasjonane mot dei nye makthavarane i Kirgisistan held fram. Dette biletet er frå ein demonstrasjon 15. april.

Foto: VYACHESLAV OSELEDKO / AFP

Kirgisistans president Kurmanbek Bakijev

Den avsette presidenten Kurmanbek Bakijev har søkt politisk asyl i nabolandet Kasakhstan.

Foto: DENIS SINYAKOV / REUTERS

I utkanten av hovudstaden Bisjkek var det i dag samanstøytar mellom demonstrantar væpna med stokkar og politiet. Det er uklart om dette har samanheng med protestane mot dei nye makthavarane i den sørlege delen av landet.

Ei kjelde i politiet seier at uroa i ein forstad til Bisjkek i dag skuldast konflikt om langeigedomar.

LES OGSÅ: Vil ha parlamentarisk demokrati i Kirgisistan

LES OGSÅ: USA og Russland bak flukten

LES OGSÅ: – Bakijev har søkt om avskjed

Uro i Jalalabad

I heile helga var det til dels store demonstrasjonar i byen Jalalabad i den sørlege delen av landet. I dag har rundt 1500 Bakijev-tilhengjarar samla seg i sentrum av byen. Her blir det vifkta med plakatar og ropt slagord til støtte den avsette presidenten.

Det har vore demonstrasjonar til støtte for Bakijev også i fleire andre byar i sør. Det er i denne delen av landet Bakijev har sine sterkaste støttespelarar.

I helga tok Bakijev-tilhengjarane kontroll over ein regjeringsbygning i byen, og ein journalist frå Reuters rapporterer at det ikkje er politi eller soldatar i og rundt bygningen i dag. Demonstrantane går i dag fritt ut og inn av regjeringsbygningen, fortel han.

LES OGSÅ: Skuddveksling under demonstrasjon i Kirgisistan

LES OGSÅ: Krever at Kirgisistans president stilles for retten

- Full kontroll

Roza Otunbayeva

Roza Otunbajeva er leiar for den nye makthavarane i Kirgisistan.

Foto: Nina Gorshkova / AP

Samstundes seier dei nye makthavarane, med Roza Otunbajeva, i spisse at dei har full kontroll over heile landet. Men hendingane i Jalalabad dei siste dagane gjer at mange trekkjer dette i tvil.

Stabssjefen ved statsministeren sitt kontor, Temir Sarijev, sa i går at dei ikkje har tenkt å bruke makt mot demonstrantane.

- Om dei trur dei kan provosere oss til å bruke makt, tek dei grundig feil. Vi er kloke og tolmodige nok til å løyse desse problema på ein fredeleg måte, sa han i går.

Kurmanbek Bakijev flykta frå hovudstaden Bisjkek til den sørlege delen av landet 7. april, etter at det kom til valdelege samanstøytar mellom demonstrantar og tryggingsstyrkane. han reiste vidare til Kasakhstan nokre dagar seinare, og her skal han vere innvilga politisk asyl.

SISTE NYTT

Siste nytt