NRK Meny
Normal

Babyen Justin Trudeau møter sin namnebror

Under eit arrangement i Calgary fekk Justin Trudeau helse på sin 45 år yngre namnebror, kalla opp av sine syriske foreldre i takksemd til den canadiske statsministeren.

Justin Trudeau møter namnebror

Muhammad og Afraa Bilan er glade for å få møte statsministeren dei har valt å oppkalle sonen etter.

Foto: Adam Scotti / Twitter

Det var laurdag under den årlege rodeoen i provinshovudstaden Trudeau fekk møte den nyfødde sonen til to syriske flyktningar som valte å kalle opp sonen etter statsministeren med sin liberale flyktningpolitikk.

Den to månader gamle guten, Justin Trudeau Adam Bilan, blei fødd i mai i Calgary, skriv BBC. Foreldra, Muhammad og Afraa Bilan, er frå Damaskus og flykta til Canada frå krigen i Syria. Dei valte å vise si takksemd ovanfor den canadiske statsministeren ved å oppkalle den nyfødde etter han.

Har teke imot 40.000 flyktningar

Og dei er ikkje dei første. Også eit par i Ontario skal ha kalla opp sonen sin etter statsministeren, rett nok berre med fornamnet.

To Justin Trudeau

To stykk Justin Trudeau.

Foto: Adam Scotti / Twitter

Trudeau har fått mykje merksemd for sin liberale flyktningpolitikk, som står i stor kontrast til den som Trump fører på den andre sida av grensa. Då Trump annonserte sitt innreiseforbod i januar gjekk Trudeau ut i sosiale medium og oppfordra folk på flukt å heller kome dit.

Det var far til den noverande statsministeren, Pierre Trudeau, som innførte multikulturalismen som nasjonal politikk på 70-talet, i eit land som sidan det blei grunnlagt har inkludert menneske med ulik nasjonal bakgrunn.

Canada har ein av dei høgste innvandringsratene i verda, og over 20 prosent av dei som bur i Canada er fødd i utlandet, skriv New York Times.

Sidan han blei statsminister i november 2014 har Canada teke imot 40.000 syriske flyktningar.

Politisk storm etter forlik med Guantánamo-fange

Men det var ikkje berre smil framfor kamera for Trudeau, ifølge Calgary Sun. Han måtte også forsvare den såkalla Khadr-saka som dominerer nyheitene i Canada. Den canadiske regjeringa har inngått eit forlik med den tidlegare Guantánamo-fangen Omar Khadr på 10,5 millionar dollar.

Den canadisk-fødde mannen blei pågripen i Afghanistan som 15-åring i 2002, og sat deretter ti år i det omstridde Guantánamo-fengselet. Han skal ha sagt seg skuldig i å drepe ein amerikansk soldat, for så å hevde at han berre sa dette for å bli overført til eit canadisk fengsel.

Etter ein dom i Høgsterett der dei slår fast at regjeringa hadde krenka rettane hans saksøkte han regjeringa, som bestemte seg for å inngå forlik.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt