NRK Meny
Normal

Babyar drepne i kriminelt oppgjer i Honduras

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

To babyar og to born var blant dei åtte som vart drepne då menn væpna med maskingevær opna eld mot ein buss i Honduras.

Ein familie var passasjerar om bord i den vesle bussen, som blei offer for eit bakhaldsangrep natt til fredag.

Bussen var på veg ut av landsbyen Catacamas, då ei gruppe menn på motorsyklar vinka bussen over til sida. Då bussen ikkje viste teikn til å stoppa, bombarderte dei den med kulehagl.

To babyar, to born og fire kvinner vart drepne. Tre personar blei køyrde til sjukehus med skadar.

– Narkotika-oppgjer

Bilete som vart tekne av brannmenn på åstaden, viser ei kvinne slengd over to bussseter med hovudet dekkja av blod og knust glas. Utanfor bussen la redningsarbeidarar i går kveld blodige barnekroppar inn i likposar, skriv CNN.

Det er førebels ikkje kjent kven som stod bak skytinga, men politet mistenkjer at det er snakk om eit internt oppgjer mellom narkotikabandar i landet.

Angrepet var truleg retta mot ein eller to av passasjerane på bussen.

– Gjerningsmennene fyrte laus utan å ta omsyn til at det var uskuldige menneske om bord i bussen, seier ein Leonel Sauceda, ein statleg talsperson til Televicentro.

Seint torsdag kveld var sikkerheitspoliti på staden for å etterforska hendinga.

Buss bomba i naboland

Det blodige angrepet skjedde berre tre dagar etter at ein passasjerbuss vart bomba i nabolandet Guatemala.

Sju menneske mista livet i angrepet, og presidenten i landet har fordømt som ei terrorhandling utført av kriminelle bandar som opererer i Sentral-Amerika.

Eksplosjon i buss i Guatemala

Sju personar døde og mange vart skadde i ein eksplosjon om bord på ein buss utanfor Guatemala by måndag.

Foto: WALTER PENA / Afp

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt