Baby Doc på veg heim til Haiti

Haitis tidlegare dikator Jean -Claude Duvalier, mest kjend som «Baby Doc», er på veg tilbake til Haiti.

Demonstrasjon til støtte for Baby Doc i juli 2010.

Jean-Claude Duvalier har sine støttespelarar i Haiti. Her frå ein demonstrasjon i juli i fjor.

Foto: THONY BELIZAIRE / Afp

Dette biletet av Jean-Claude Duvalier er frå 1980.

Dette biletet av Jean-Claude Duvalier er frå 1980.

Foto: Kathy Willens / AP

Ein anonym diplomat seier at Duvalier er om bord i eit fly frå Air France på veg til Port-au-Prince. Flyet skulle lande rundt klokka 17.30 lokal tid, klokka 23.30 norsk tid.

Det er uklart kva grunn Duvalier har for å reise tilbake til Haiti. Landet er i djup krise både humanitært, økonomisk og politisk. Han har støttespelarar der, men har truleg ingen sjanse på eit politisk comeback.

Snart 60 år gamle Jean-Claude Duvalier vart utnemnd til president på Haiti på livstid i 1971 etter faren Francois Duvalier, kalla «Papa Doc». Han heldt fram terrorregimet til faren.

Han vart tvungen til å forlate Haiti etter kraftige opptøyar i 1985, og sidan har han vore i eksil i Frankrike. Dette skjedde etter at Duvalier hadde gjennomført ei folkerøysting for å legitimere at han kunne utrope seg til president på livstid.

Han tok med seg det meste av landet si statskasse då han flykta.

I eit interju med ein haitisk radiostasjon i 2007 bad Duvalier om orsaking til det haitiske folket for dei feila som vart gjorde under hans regime frå 1971 til 1986.

Det er i desse dagar eitt år sidan eit øydeleggjande jordskjelv ramma Haiti, der 300.000 menneske miste livet og fleire millionar miste heimane sine.

LES OGSÅ: Valg i kuleregn

LES OGSÅ: Ronald Reagans krigerske historie

LES OGSÅ: Stadig verre på Haiti

LES OGSÅ: Uro i jubilerende Haiti

LES OGSÅ: Samarbeidsvillig Aristide

SISTE NYTT

Siste nytt