Hopp til innhold

Ba reporteren stikke: Trump avbraut intervju i Det kvite hus

Donald Trump avbraut eit TV-intervju i Det ovale kontoret, og bad reporteren forlate rommet. CBS-intervjuet fekk ein brå slutt då reporteren om og om igjen stilte Trump kritiske spørsmål om udokumenterte påstandar om avlytting.

Donald Trump

Donald Trump blei lei av å svare på kritiske spørsmål frå CBS.

Foto: Evan Vucci / AP

I intervjuet med CBS-programleiar John Dickerson sa Trump at han framleis meiner at forgjengaren, Barack Obama, avlytta han i Trump Tower i New York kort tid før Trump vann presidentvalet.

Både Obama sine rådgjevarar, overvakingstenestene og framståande medlemmer av Det republikanske partiet har avvist dette. Og Trump har ikkje lagt fram bevis.

Dickerson intervjua Trump i Det kvite hus laurdag. Då han stilte spørsmål om saka, svarte Trump slik: – Eg meiner dette er godt dokumentert, alle snakkar om det, og ærleg talt - og det må absolutt diskuterast.

Trump la til: – Vi må finne ut kva i all verda som skjer.

Laster Twitter-innhold

Då Dickerson pressa han, responderte Trump slik: – Du kan snu og vende på det, du kan snu og vende på det akkurat slik du vil.

Dickerson: – Eg spør deg fordi du ikkje ønskjer at dette skal bli kalla falske nyheiter. Eg vil høyre det frå president Trump.

Trump: – Du må ikkje spørje meg, du må ikkje spørje meg.

Dickerson: – Korfor ikkje?

Trump: – Fordi eg har mi eiga oppfatning, du kan ha dine eigne meiningar.

Dickerson: – Men eg vil gjerne vite kva som er dine meiningar om dette. Du er president i USA.

Trump: – Det er nok. Takk. Mange takk.

Dermed gjekk Trump, og sette seg bak den store kontorpulten i Det ovale kontoret.

Den brå slutten på intervjuet var ein tydeleg kontrast til fleire meir «snille» intervju Trump har deltatt i den siste tida. Mediekommentatorar har merka seg at Trump ser ut til helst å stille opp i intervju med meir «vennlegsinna» medium, som konservative Fox News.

Det kvite hus sette opp intervjuet med Dickerson i samband med at Trump har vore president i 100 dagar.

Etter intervjuet blei Dickerson spurd om han blei eskortert ut av Det ovale kontor.

Laster Twitter-innhold

– Det var temmeleg klart der og då at eg gjorde best i å komme meg ut sjølv, viss ikkje ville eg blitt kasta ut. Det var ingen tvil om at samtalen var over, sa Dickerson, ifølgje CNN.

Men CBS er langt frå bannlyst i Det kvite hus. Måndag blei CBS This Morning sendt direkte frå bygningen. Då blei ei rekkje representantar frå administrasjonen intervjua på direkten, blant andre visepresident Mike Pence og Ivanka Trump.

SISTE NYTT

Siste nytt