To dagar før ein ny runde med samtalar mellom EU og Iran om Irans atomprogram, slår sjefsayatollaen i Teheran på krigstrommene.
Atomprogram
I ein fjernsynssend tale i dag bad han dei som jobbar med atomprogrammet om ikkje å bry seg om truslar frå landet sine fiendar, men å gjere jobben sin.
Ayatollaen sa også at han personleg er klar til å kjempe til døden for å forsvare Iran, dersom fiendar går til åtak på landet.
- Om katastrofen skulle ramme oss, vil eg kle meg i uniform og vere klar til å ofre meg sjølv for Iran, sa han i talen.
Khamenei sa også at han ikkje ville gjere som George W. Bush og medarbeidarane hans etter terroråtaket mot USA 11. september 2001.
11. september
- Etter 11. september høyrde vi ingenting frå Bush og medarbeidarane hans på fleire dagar. Dei gjekk i skjul, men slik er ikkje eg, sa han i fjernsynstalen.
Khamenei avviste igjen at Iran er i ferd med å utvikle atomvåpen. Han gjentok at atomprogrammet berre er sivilt, og at det er i strid med islam å bruke atomvåpen, sjølv mot sine verste fiendar.
Israel har sagt at landet vil gjere det som er naudsynt for å hindre at Iran utviklar atomvåpen. Den britiske avisa The Sunday Times melde nyleg at den israelske regjeringa alt har gitt grønt lyst for angrep mot iranske atomanlegg, og at det er utarbeidd detaljerte planar.
USA har stilt seg på EU si side i forhandlingane med Iran, for å gi den islamske republikken ein sjanse til å inngå ein avtale som garanterer at landet ikkje utviklar atomvåpen.
Det er semje mellom EU og USA at dersom ikkje desse forhandlingane lukkast, så må det innførast økonomiske og politiske sanksjonar mot Iran.
President
Amerikanske styresmakter har også gjort det klart at eit angrep mot Iran ikkje kan utlekkast, sjølv om dette ikkje er aktuell politikk no.
Sjølv om Iran har ein folkevald president, den reformvenlege Mohammad Khatami, har han lite han skulle ha sagt i forhold til det konservative presteskapet, leidd av ayatollah Ali Khamenei.
Khatami går av denne våren etter å ha vore president i åtte år. Han vart vald på eit program som lovde demokratiske reformar, men svært lite har skjedd i Iran på dette området i hans presidenttid.
Satelittfoto av eit av anlegga til det iranske atomprogrammet. (Foto: AFP/Scanpix)