Hopp til innhold

NSA-sjef avviste overvakingsskuldingar i slutten av oktober

Keith Alexander i den amerikanske etterretningstenesta NSA avviste for nesten ein månad sidan at USA driv med overvaking av europeiske borgarar.

Sjefen for NSA, General Keith Alexander,

VIDEO: Høyring i Kongressen

Det var Dagbladet som i dag kunne melde at NSA, National Surveillance Agency, har overvaka 33 millionar mobilsamtalar i Noreg. Meldinga vart i føremiddag avvist av sjefen for E-tenesta , generalløytnant Kjell Grandhagen.

Han gjorde det klart at tala Dagbladet viste til ikkje var norske trafikktal, men om telefontrafikk i konfliktområde i utlandet. Altså i hovudsak Afghanistan. Dagbladet har seinare vedgått at dei kan ha misforstått .

Snowden-lekkasjar

Glenn Greenwald

Guardian-journalisten Glenn Greenwald nektar å godta dementiet til Keith Alexander i NSA.

Foto: Silvia Izquierdo / Ap

29. oktober i år gjekk sjefen for NSA, Keith Alexander, ut og avviste liknande skuldingar om amerikansk overvaking av telefonsamtalar i Spania, Italia og Frankrike. Opplysningane både frå desse landa, og seinare altså frå Noreg. stamma frå lekkasjane som den amerikanske varslaren Edward Snowden har stått bak.

Dei er brakt vidare av den britiske avisa The Guardian, spesielt av journalisten Glenn Greenwald. Han godtek ikkje forklaringa til Keith Alexander, og seier blant anna at Alexander ikkje har lagt farm eit einaste bevis for at han snakkar sant .

– Vi har ikkje samla informasjonen, men europeiske etterretningstenester har delt telefondata med USA. Men det er altså ikkje NSA som har samla den informasjonen, sa Keith Alexander i høyringa i Kongressen 29. oktober i år.

LES OGSÅ: Solberg: – Ikkje rart eller overraskande

– Har ikkje forstått

Han sa også at dei som har gitt desse opplysningane, og vist til dokument, ikkje har forstått kva dei såg etter i dokumenta. Dermed slo han fast at korkje Snowden, som jobba i NSA i ein periode, og dei journalistane han har samarbeidd med, ikkje har forstått informasjonen.

Alexander avviste likevel ikkje at oppslag om at USA har spionert på politiske leiarar i andre land.

Kjell Grandhagen sa i dag at etterretningsopplysningane det er snakk om i denne saka er norsk etterretning si eiga innsamling av data til støtte for norske militære operasjonar i konfliktområde i utlandet, samt innsamling relatert til internasjonal terrorisme, men at også dette har skjedd i utlandet.

SISTE NYTT

Siste nytt