Hopp til innhold

Avviser Kina-vennleg reformforslag

Den lovgivande forsamlinga i Hongkong har i dag stemt ned det kontroversielle lovforslaget store deler av folket har protestert mot det siste året.

Demokratiaktivister feirer i Hongkong

FEIRAR SIGEREN: Demokratiaktivistar utanfor LegCo, Hongkong si lovgivande forsamling

Foto: Peter Svaar / NRK

Alexandra Wong, demokratiaktivist

BISMAK: Det er framleis mykje uvisse, seier demokratiaktivist Alexandra Wong

Foto: Peter Svaar / NRK

– Eg er glad for dette resultatet, men det har ein bismak. Vi veit ikkje kva som kjem til å skje no, det er mykje uvisse, seier demokratiaktivist Alexandra Wong til NRK.

Reformforlaget som går ut på at kandidatane som stiller til val for å leie Hongkong i 2017 må vere godkjende av ein Kina-vennleg nominasjonskomité. Dette har ført til store protestar då innbyggarane i utgangspunktet trudde skulle dei skulle få ha frie demokratiske val.

Forslaget fekk ikkje dei 2/3 av stemmene det måtte ha i den lovgivande forsamlinga. Av dei 37 lovgivarane som var til stades stemte berre åtte for, og 28 imot. Fleire av representantane som var for forslaget var ikkje til stades under stemminga i det dei omtaler som ein «kommunikasjonsglipp». Andre seier at dette var fordi dei visste at dei kom til å tape og kallar forestillinga ei farse.

Veit ikkje kva konsekvensar dette kan få

Mandy Chan

BLANDA KJENSLER: Sjølv om dei har avverja valreformforslaget, veit ikkje Mary Chan eller dei andre demonstrantane kva konsekvensar dette får.

Foto: Peter Svaar / NRK

– Eg kjenner meg ikkje veldig glad eller entusiastisk, berre nøgd med at vi har stoppa regjeringa frå å gjere ein feil mot folket sitt. Dette viser at folk ber om ekte demokrati i Hongkong, seier demokratiaktivist Mandy Chan.

Ho er ein av mange innbyggarar som har delteke i protestar mot den kontroversielle vareforma det siste året. Det som seinare vart kjend som Occupy-rørsla, også kalla paraplyrørsla etter dei gule symbolske paraplyane, starta i september 2014, og aktivistar okkuperte det finansielle sentrum av millionbyen i 79 dagar. Dei siste vekene har protestane igjen blussa opp att i forkant av den avgjerande stemma, om enn i mindre omfang enn i haust.

Demokratiaktivistane skuldar Kina for å ha brote løftet sitt om å etter kvart gi byen, ein spesiell administrativ region under Kina, lov til å ha frie val. Hongkong har sidan britane gav frå seg makta i 1997 nytt store fridommar samanlikna med sine kinesiske naboar. Beijing-talsmenn har sagt at i tilfelle lovforslaget ikkje skulle gå gjennom, vil Hongkong sin leiar halde fram med å vere utplukka som i dag.

– No må vi, innbyggarane i Hongkong og prodemokrati-partiet, vurdere kva som skal vere det neste steget. Kanskje endå ei paraplyrørsle, kanskje ein streik – i alle høve noko som kan inkludere heile Hongkong, seier aktivisten.

SISTE NYTT

Siste nytt