Avvisinga kjem frå det djupt konservative Vokterrådet, som har siste og avgjerande ord i kontrollen med valkandidatar.
Heile 1.150 av totalt 7.150 registrerte kandidatar, vert no nekta å stille til val. Det vil seie 31 prosent av kandidatane.
329 av kandidatane skal vere utelukka fordi "dei har dårleg rykte på seg i lokalsamfunnet". 131 andre er avviste fordi dei er straffedømde for korrupsjon eller underslag, opplyser innanriksdepartementet i Teheran.
Dei avviste kandidatane har frist på seg til laurdag med å anke avgjerda.