Hopp til innhold

Avverja piratåtak mot norsk skip

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tanzanianske marinesoldatar greidde tysdag å avverja eit piratåtak mot eit boreskip frå Stavanger-selskapet Ocean Rig utanfor kysten av Tanzania.

Alle dei sju piratane vart arresterte, opplyser sjøfartsstyresmaktene i landet, SUMATRA, og eigaren av skipet Ocean Rig, ifølgje NTB.

Åtaket mot det 228 meter lange boreskipet Ocean Rig Poseidon skjedde ved åtte-tida tysdag morgon, rundt 23 nautiske mil søraust for øya Mafia.

– Skaut tilbake

Pirater utenfor Somalia

Piratane utanfor Somalia blir stadig fleire.

Foto: Norman J. Fisher / Scanpix/AP

Sju piratar angreip skipet med skytevåpen frå ein liten båt.

– Marinesoldatar som voktar skipet og tryggingspersonell om bord svarte på åtaket med å skyta tilbake, overmanna angriparane og tok dei deretter til fange, opplyser SUMATRA.

Ocean Rig har base i Stavanger. Skipet var ute på oppdrag for det brasilianske oljeselskapet Petrobras då piratane slo til.

Hittil er 18 piratar arresterte etter åtak i tanzanianske farvatn i Det indiske havet. 2011 kan bli eit rekordår for piratåtak generelt. Så langt i år har piratåtak mot skip utanfor Somalia auka med heile 60 prosent.

Fleire væpnar seg

Men sjølv om talet på åtak aukar sterkt, er det ferre av dei som er vellukka. Ei av årsakene er at stadig fleire skip har vaktar om bord.

Den norske regjeringa gav den 1.juli i år norske rederi moglegheita til å søkja om løyve til å ha profesjonelle, væpna vaktar om bord på skipa sine.

No er kvart fjerde norskeigde skip væpna mot piratar, syner tal frå Sjøfartsdirektoratet og Norges Rederiforbund.

SISTE NYTT

Siste nytt