Hopp til innhold

Avverja flykatastrofe i San Francisco: Pilot tok feil av rullebane og taksebane

Ein Airbus 320 frå Air Canada tok feil av rullebana og taksebana under landing på flyplassen i San Francisco natt til laurdag. Det som kunne ha blitt den verste katastrofen i internasjonal luftfart nokon gong, vart avverja i siste liten.

Nesten ulykke ved San Fransisco-flyplass
Foto: Glen Imrie / NRK

Det var tidleg laurdag morgon norsk tid, at ein Airbus 320 frå Air Canada kom inn for landing på flyplassen i San Francisco, melder Reuters.

Piloten fekk klarsignal frå tårnet for ei såkalla visuell landing, som baserer seg på at piloten ser rullebana og landar manuelt.

Det viste seg at piloten hadde teke feil av rullebana og taksebana, som går parallelt med rullebana med ein avstand på rundt 200 meter. Han var på veg inn for landing på taksebana, då piloten melde frå at han såg fleire lys der.

Fire fly på taksebana

– Det er ingen andre på rullebana enn deg, var svaret han fekk frå tårnet. Den vakthavande i tårnet ikkje visste var at piloten refererte til taksebana. Der stod fire fly, alle fulle av passasjerar og drivstoff.

Hadde det innkomande flyet krasja inn i flya på bakken, kunne det ha fått katastrofale følgjer.

Piloten på eitt av flya som stod og venta på taksebana oppdaga flyet som kom mot dei, og han alarmerte tårnet. Her åtvara dei piloten på Air Canada-flyet om at han var på veg mot taksebana, og han fekk ordre om straks å avbryte landinga.

San Francisco International Airport (SFO).

Det var her på den internasjonale flyplassen i San Francisco at nesten-ulukka skjedde natt til laurdag lokal tid.

Foto: Marcio Jose Sanchez / AP

– Ekstremt nære på

Piloten gav så full gass oppover. Ifølgje kjelder avisa San Jose Mercury News har snakka med var flyet mellom 175 fot og 200 fot frå bakken då landinga vart avbroten.

Normalt er 200 fot, cirka 70 meter, den lågaste grensa for når det er mogleg å avbryte ei landing.

Tomas Hesthammer er flygesjef i Norwegian.

Tomas Hesthammer, flygesjef i Norwegian, seier at det ikkje skal vere noko problem å skilje mellom rullebana og taksebana på ein flyplass.

Foto: Odd Iversen / NRK

– Dette var nære på, ekstremt nære på, seier tidlegare flykaptein i United Airlines, no direktør for Aero Consulting Group, Ross Aimer til avisa. Han minner om at ein del fly kan vere 20 meter høge, og han seier at han har høyrt frå luftfartskjelder at Air Canada-flyet var berre mellom 100 fot og 200 fot frå flya på bakken. (Ein fot er 0,3048 meter)

Den kanadiske avisa The Toronto Star skriv at det var berre 30 meter mellom Air Canada-flyet og dei to første av dei parkerte flya.

– Skulle ikkje skjedd

Flygesjef i Norwegian, Tomas Hesthammer, seier til NRK at rullebana og taksebana på flyplassen er lyssette på heilt ulike måtar, slik at det ikkje skal vere noko problem å skilje dei to frå kvarandre.

– Det er nok mogleg å ta feil, og dette var ingen bra episode. Det verkar som om piloten ikkje var kjent på flyplassen Det er vanskeleg å seie om det verkeleg var så nær ein katastrofe, men det er heilt klart at dette var noko som ikkje skulle ha skjedd, seier han.

Han meiner det verkar som om pilotane ikkje brukte instrumenta som bakcup, for då ville dei ha sett at dei var på feil kurs. Han fortel at Norwegian ikkje tillèt pilotane sine å lande visuelt på natta, fordi det kan vere ein fare for misforståingar og feilnavigering.

Hesthammer seier at visuell innflyging er vanleg i USA, fordi det kan gi litt meir effektiv trafikkavvikling. Dei kan gå litt ned på avstanden mellom flya og oppnår auka effektivitet, og då er det piloten og ikkje tårnet som har ansvaret for separasjonen mellom flya.

SISTE NYTT

Siste nytt