Bistandsminister Hilde Frafjord Johnson har spela ei viktig rolle i forhandlingane i Sudan. (Foto: AFP/Scanpix)
Noreg har spelt ei aktiv rolle i arbeidet for å få til ein fredsavtale. Bistandsminister Hilde Frafjord Johnson (KrF)var til stades under seremonien i Naivasha i Kenya.
Maktfordeling
Partane skreiv i kveld under tre protokollar om matkfordeling og administrasjon av tre omstridde regionar i landet. Det er Nuba-fjella, den sørlege delen av Blå Nil-regionen og Abyei-området.
Etter underteikninga i kveld er det berre dei tekniske og militære forholda rundt ei endeleg våpenkvile som kan hindre at det blir ein endeleg fredsavtale.
Seremonien vart utsett i fleire timar på grunn av usemje om detaljar i avtalen, som skal danne grunnlaget for meir omfattande fredsavtalar som skal gjere slutt på den 21 år lange borgarkrigen i Sudan, den lengste borgarkrigen i Afrika.
Detaljar
Hilde Frafjord Johnson spela ei viktig rolle også i desse detaljforhandlingane på overtid. Fleire andre utlandslanske politikarar deltok under seremonien, blant andre USAs statsekretær for afrikanske saker, Charles Snyder.
- Underteikninga betyr at dei viktigaste politiske, økonomiske og tryggingsmessige spørsmåla er løyste, sa Hilde Frafjord Johnson.
- Takk Gud for denne dagen, sa sjefsforhandlar for styresmaktene i Sudan, Lazarus Sumbeiywo, i sin tale under seremonien. Også Sudans visepresident Ali Osman Mohamed Taha og SPLA-leiar John Garang deltok i seremonien.
Kenyas president Kwai Kibaki sa at avtalen ikkje berre er ein siger for Sudan, men for heile det afrikanske kontinentet.
Muslimar mot kristne
Konflikten i Sudan har i grove trekk vore ein konflikt mellom det muslimske nord og det kristne sør. Regjeringa er muslimsk, og SPLA-geriljaen har representert dei kristne i Sudan
Avtalen som vart underteikna i kveld gjeld ikkje for Darfur-området i det vestlege Sudan. Kampane i dette området har gått føre seg i over eitt år, og FN meiner krigshandlingane har skapt ei av dei verste humanitære krisene i verda.
Denne sudanske manne uttrykkjer si glede over avtalen som no er underteikna. (Foto: AFP/Scanpix)