NRK Meny
Normal

– Rivalane vil dela på makta

Presidentrivalane i Afghanistan skal nok ein gong vera samde om å danna ei samlingsregjering, etter to månader med krangling. Søndag kjem det endelege valresultatet.

Presidentkandidatane Ashraf Ghani og Abdullah Abdullah

Presidentkandidatane Ashraf Ghani (t.v.) og Abdullah Abdullah har krangla i to månader om kven som er den rettmessige påtroppande presidenten i Afghanistan. Hamid Karzai, her på talarstolen, går av etter 12 år ved makta.

Foto: Rahmat Gul / Ap

Dei to rivalane Ashraf Ghani og Abdullah Abdullah meiner begge at dei vann andre runde i presidentvalet den 14. juni i år. Tida etterpå har vore amper, og begge har skulda kvarandre for valfusk.

No skal dei omsider ha blitt samde om å dela på makta.

Ein anonym talsmann for Ghani seier laurdag kveld til Reuters at dei har klart å løysa «100 prosent» av sakende dei har vore usamde om og fått i hamn ein avtale om maktdeling.

Laster Twitter-innhold

Avtale nummer to

Opplysningane blir stadfesta av ein talsmann for den avtroppande presidenten, Hamid Karzai.

«Begge kandidatane er venta å skriva under på ein avtale om strukturen for ei nasjonal samlingsregjering i morgon», skriv talsmannen Aimal Faizi på Twitter laurdag.

FN og USA har heile tida pressa på for å få dei to til å gå i regjering saman for å få ein ende på den no to månader lange politiske krisa .

Det er likevel uvisst kor solid avtalen er.

Også i starten av august underteikna Abdullah og Ghani ein avtale om maktdeling. Få veker seinare kollapsa forhandlingane.

Offentleggjer valresultatet søndag

Ghani og Abdullah skal ifølgje kjeldene signera den nye avtalen søndag, same dagen som det endelege valresultatet blir offentleggjort.

Abdullah vann første valomgang den 5. april. Valkommisjonen meiner han tapa mot rivalen Ghani i andre runde.

Abdullah har protestert mot resultatet og skulda motkandidaten for omfattande valfusk.

Når ein avtale er på plass får Afghanistan ein ny president og Karzai går av etter 12 år ved makta. Grunnlova tillèt ikkje ein president å sitja lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt