Hopp til innhold

Avslører pedofile i TV-program

Det tyske TV-programmet «Tatort Internet» lurer seg til møte med pedofile - og filmar dei.

„Tatort Internet - Schützt endlich unsere Kinder“

Tatort Internet starta 7. oktober og har som mål å synleggjere farane overgriparar utgjer for samfunnet.

Foto: RTL 2

Udo Nagel og Stephanie zu Guttenberg

Programleiarane Udo Nagel og Stephanie zu Guttenberg.

Foto: Sonja Calvert / DR2

Sidan «Tatort Internet» starta på den tyske kanalen RTL2, har debatten rasa om pedofili og tyske lover.

«Tatort Internet» betyr direkte oversatt «Åstad Internett» og er ein serie på ti episodar om seksuelt misbruk mot barn.

I programmet møter menn opp i den tru at dei skal treffe mindreårige jenter dei har snakka med på Internett.

Dei blir møtte av skodespelarar som liknar den dei hadde venta å treffe. Møtet blir filma med skjulte kamera.

Møter 13 år gamle jenter

I eitt tilfelle avtalar skodelspelaren Leila, som utgir seg for å vere 13 år, å møte ein mann i 60-åra på ein kafé. Dei to har samtala på Internett i fleire veker.

Det viser seg at mannen jobbar for ein organisasjon for barn. Han veit ingenting om at han blir filma og skal bli vist på TV.

Før det blir kontakt mellom mannen og skodespelaren, kjem ein reporter frå RTL2.

– Kvifor gjer du dette? Kvifor vil du møte jenter på 13 år? spør ho.

Menn frå alle miljø

I starten trudde vi at vi skulle møte slike som vi vanlegvis ser føre oss som seksuelle overgriparar, men vi har møtt folk frå alle typar miljø, seier produsent Daniel Harrich til den russiske fjernsynskanalen RT.

RTL2 seier målet er å vise farane seksuelle overgriparar på Internet utgjer for samfunnet.

Men kollegaene til denne mannen kjende han att, sjølv om stemma var fordreid og ansiktet sladda. Mannen har ikkje vist seg på jobb sidan.

Kritikarane meiner TV-programmet ikkje vernar mennene dei filmar godt nok.

Kritisert for å jage sjårtal

Fleire har uttrykt seg negativt om måten «Tatort Internet» går fram. Nokon skuldar også kanalen for å jage høge sjåartal.

Den tyske justisministeren Sabine Leutheusse-Scnarrenberger har ifølgje nyheitsbyrået AFP sagt at programmet opererer utanfor lovverket når dei presenterer folk utan å gi dei sjansen til å forsvare seg.

Andre meiner RTL2 må fortelje det dei veit med ein gong, og ikkje vente i lang tid med å leggje fram bevisa.

– Dei som har filma dette, gjorde det i mai, og publiserte det i oktober. Det er ikkje gitt informasjon til verken politi eller arbeidsgivar i mellomtida, seier Martin Pfriem, som er sjef for ein barneorganisasjon.

Produsentane seier dei må halde identitetane til mennene hemmeleg på grunn av eit hol i lova.

– Hindra av hol i lova

– Å snakke med barn på Internet, til og med om sex, er nesten aldri rekna som ulovleg. Det er veldig uklart kva som er ei kriminell handling når det kjem til slike saker, seier Udo Nagel.

Med lovverket som finst i dag, er det lite som kan bli gjort om det ikkje har skjedd fysiske overgrep.

Fleire ekspertar har sagt at dette er eit stort problem og at noko må bli gjort.

Trass kritikken seier dei som står bak programmet at deira innsats kan utgjere ein skilnad ved at det blir retta merksemd til problemet.

Ein av programleiarane er Stephanie zu Guttenberg, president i organisasjonen Innocence in Danger, som arbeider mot misbruk av mindreårige.

Seksuell lavalder i Tyskland er 14 år.

Stephanie zu Guttenberg

Stephanie zu Guttenberg forsvarar programmet etter å ha møtt motstand for framgangsmåten.

Foto: Andreas Fuch / DR 2

SISTE NYTT

Siste nytt