Hopp til innhold

Avisrazzia i Hongkong: Redaktørar arresterte

Politiet storma lokala til den prodemokratiske avisa Apple Daily i Hongkong torsdag morgon. Fem leiarar i avisa vart arresterte, mellom dei sjefredaktør Ryan Law.

Sjefredaktø Ryan Law pågripes i Hongkong torsdag 17. juni 2021

Sjefredaktør Ryan Law er blant medieleiarane som vart arresterte torsdag morgon i Hongkong, og sikta for å ha konspirert mot styresmaktene.

Foto: AP / NTB

– Dette er eit dårleg skjult angrep på den redaksjonelle sia av avisa. Dei arresterer redaktørar, seier Mark Simon til Reuters. Han er rådgjevar for eigaren av avisa, den kjende mediemogulen og regimekritikaren Jimmy Lai.

Dei fem er arresterte og sikta etter Kinas nasjonale tryggingslov for Hongkong. Dei blir skulda for å konspirere med «eit framandt land eller andre eksterne element for å setje den nasjonale tryggleiken i fare», heiter det frå politihald.

Ei politikjelde stadfestar til AFP at alle fem var leiarar frå Next Digital, eigarselskapet til avisa. Det er Apple Daily sjølv som opplyser at sjefredaktøren er blant dei arresterte.

Politifolk i lobbyen til Apple Daily i Hongkong 17. juni 2021

Eit stor talet på politifolk strøymde inn i resepsjonen til avisa Apple Daily i Hongkong torsdag morgon.

Foto: AP / NTB

Sende direkte

Apple Daily strøymde direktebilete frå politiaksjonen på Facebook. Der kunne ein sjå betjentar sperre av lokalet. Bileta viste ifølge Reuters også at politiet sat på pultane til reporterane og brukte datamaskinene deira.

I ei utsegn skriv politiet i byen at dei har ein ransakingsordre som gav dei lov til å gå gjennom og beslagleggje journalistisk materiale.

Sikkerheitssjefen i byen seier at aksjonen ikkje handla om arbeidet journalistane har gjort, men at dei arresterte har konspirert og nytta journalistikken som eit verktøy for å setje nasjonal tryggleik i fare.

Apple Daily er ei populær tabloidavis som kombinerer sladder med undersøkande journalistikk.

Fleire arrestasjonar etter ny tryggingslov

Arrestasjonen er den siste i ei rekkje inngrep mot avisa, som har støtta opp om demokratirørsla i Hongkong.

Det er den andre razziaen mot avisa og eigarselskapet i løpet av det siste året. I august i fjor vart ti personar, blant anna eigaren av avisa, Jimmy Lai, arrestert i ein politiaksjon. Alle vart sikta for brot på tryggingslova, og dessutan for andre lovbrot.

Lai, som eig avisa gjennom medieselskapet Next Digital, sit for tida fengsla for ulovlege protestar i 2019, då det var massedemonstrasjonar for demokrati.

LES OG:

SISTE NYTT

Siste nytt