Sjefredaktør Ryan Law i Apple Daily og administrerande Cheung Kim-hung i Next Digital kom til rettsbygningen i ein kvit varebil med tildekte vindauge.
Dei sikta etter Kinas nasjonale tryggingslov for Hongkong, og er skulda for å konspirere med «eit framandt land eller andre eksterne element for å setje den nasjonale tryggleiken i fare».
Ei kvinne held oppe avisa med bilde av dei to arresterte avisleiarane, sjefredaktør Ryan Law, og direktør Cheung Kim-hung, utanfor rettsbygningen laurdag.
Foto: PETER PARKS / AFP / NTBAngrep på pressefridomen
Apple Daily har lenge vore ei av dei tydelegaste stemmene i forsvaret av demokratiske rettar i Hongkong.
Avisa støtta dei omfattande demonstrasjonane i 2019 og har kritisert måten protestane vart slått ned på, inkludert innføringa av dei nye tryggingslovene i fjor.
Saka blir rekna som eit angrep på pressefridommen i det delvis sjølvstyrte området.
Tre andre redaktørar og leiarar vart òg arresterte torsdag, med dei har ikkje blitt sikta enno. Dei vart lauslatne mot kausjon seint fredag kveld.
Sjefredaktør Ryan Law er blant medieleiarane som vart arresterte torsdag morgon i Hongkong, og sikta for å ha konspirert mot styresmaktene.
Foto: AP / NTB