Dette går fram av ei melding frå statsminister Ariel Sharon sitt kontor i ettermiddag. Der heiter det at Sharon kjem til å leggje fram ein avtale for regjeringa som kan løyse saka om israelske fangar hos Hizbollah-geriljaen.
Tre israelske soldatar vart tekne til fange av Hizbollah i oktober 2000. Israel reknar med at dei er døde.
Tyskland har lenge prøvd å mekle fram ein avtale mellom Israel og Hizbollah. Tre israelske soldatar, som vart tekne til fange av den libanesiske geriljagruppa i oktober 2000, skal vere ein del av avtalen. Israelske styresmaktar reknar med at dei tre er døde, men dette er ikkje stadfesta.
Hizbollah har også i si varetekt ein israelsk forretningsmann og reserveoffiser, Elhanan Tanenbaum, som dei skuldar for å vere israelsk spion. Spionskuldingane blir kategorisk avvist av israelske styresmakter.
Israel har rundt 20 libanesiske fangar, inkludert to sjiamuslimske leiarar. Desse vart tekne til fange for nettopp å bli brukte i ein eventuell avtale om fangeutveksling.
Det er uklart kva avtale som no kan vere på trappene.