Hopp til innhold

Australsk delstat innfører fotoboksar for å avsløre mobilbruk

Den australske delstaten New South Wales, der Sydney er den største byen, tok søndag i bruk fotoboksar for å oppdage ulovleg bruk av mobiltelefon i bil.

Bilfører tekster i fart i Australia

Då dei nye kamera som er tekne i bruk i Australia blei testa ut i fjor, fanga dei opp over 11.000 tilfelle av ulovleg bruk av mobiltelefon i bil. Ein av dei var denne føraren som tekstar medan han køyrde i 80 kilometer i timen. Passasjeren hadde ei hand på rattet.

Foto: AP

Ifølgje transportstyresmaktene i New South Wales er det første gong i verda at det blir teke i bruk fotoboksar for å ta bilførarar som snakkar eller surfer ulovleg på mobiltelefonen medan dei køyrer.

Målet med tiltaket er å redusere dødsfalla i trafikken med ein tredel i løpet av to år, skriv Reuters.

I den australske delstaten er det lov å ringe og ta imot samtalar medan du køyrer, så lenge du bruker handsfree. All annan bruk av mobiltelefonen er forbode.

– Dette er eit system som skal endre på kulturen, sa Michael Corboy i politiet i New South Wales til australske medium i førre veke.

Over 11.000 tilfelle

Innføringa av fotoboksane kjem etter at delstaten hadde eit prøveprosjekt i fjor. I løpet av ein månad var det over 11.000 tilfelle der førar brukte mobiltelefonen ulovleg medan dei sat bak rattet, ifølgje australske ABC News.

Kameraet fanga blant anna opp ein førar som teksta bak rattet, medan passasjeren heldt i rattet.

– Vi såg folk som var på Facebook eller teksta. Vi såg folk som prøvde å lure systemet ved å halde telefonen lågt. Det er farleg å sjå ned og ikkje på vegen. Vi håper difor at denne teknologien skal endre køyrestilen og gjere vegane tryggare, sa dåverande samferdselsminister i New South Wales, Melinda Pavey, til kanalen i fjor.

Ifølgje Pavey er folk i delstaten positive til tiltaket.

Teksting bak rattet

Søndag blei ordninga med fotoboksar som avdekker ulovleg mobilbruk i bilen gjort permanent i New South Wales, som er den mest folkerike delstaten i Australia.

Foto: AP

Analyserer bilete

Søndag blei ordninga med slike kamera fast langs vegane i New South Wales. Kamera kan ta bilete uansett vêr- og lysforhold. Det skal også vere mogleg å ta bilete av førarar som køyrer opp mot 300 kilometer i timen, ifølgje ABC News.

Fotoboksane bruker kunstig intelligens for å analysere bilete og oppdage ulovleg mobilbruk. Når datamaskinane har funne moglege lovbrot, blir bilda vurdert av menneske før bilføraren eventuelt blir straffa.

I starten vil bilførarar som bli oppdaga i første omgang få ei åtvaring frå styresmaktene. Men etter at systemet har vore i drift i tre månader, vankar det bøter og prikkar på førarkortet, melder Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt