Hopp til innhold

Gav seg sjølv fem ministerpostar i all hemmelegheit

Australias førre statsminister er i trøbbel. Han tok kontroll over fleire ministerpostar, utan at det vart offentleg kjent. – Ei eineståande øydelegging av demokratiet, seier hans etterfølgar.

Scott Morrison går opp på ein scene. Han held kona i høgre hand, og vinker til publikum med den andre handa. Bak han er eit stort australsk flagg.

Scott Morrison er nok ei gong i hardt vêr. Her er han saman med familien sin.

Foto: SAEED KHAN / AFP

Statsminister. Helseminister. Finansminister. Innanriksminister. Og minister for statleg eigedom, gruvedrift og beredskap.

Scott Morrison utnemnde seg sjølv til minister, gong på gong, og tok på seg ansvaret som andre ministrar hadde. Dette starta mars 2020, og mykje tyder på at det heldt fram slik til mai 2022, då han gjekk av som statsminister.

Dette ansvaret kom på toppen av hans eiga statsministerportefølje. At dette har skjedd er først blitt kjent no, etter at ei ny regjering tok over ansvaret i Australia.

Akkurat korleis han klarte å gjere slike formelle endringar i all hemmelegheit er førebels uklart. Fleire av ministrane som eigentleg hadde ansvaret for fagområda visste ikkje at dei delte ansvar med statsministeren.

Får kritikk frå både statsministeren og sine eigne

– Dette er tilsikta undergraving av kontrollmekanismane som er så viktig og sentrale for vårt demokrati, seier Anthony Albanese.

Albanese er statsminister i Australia i dag. Han seier at saka no skal vurderast av juridiske rådgjevarar, og er veldig kritisk til det forgjengaren gjorde.

Kritisk, det er også ho som eigentleg var innanriksminister då Morrison blanda seg inn i hennar ansvarsområde utan at ho kjente til det.

– Det er totalt uakseptabelt at ein statsminister oppfører seg på denne måten og undergrev alt som ei føderal og konstitusjonell regjering skal stå for, seier tidlegare innanriksminister Karen Andrews.

Andrews skal mellom anna ha opplevd at Morrison begynte å blande seg i hennar ansvar på sjølve valdagen. Statsministeren blir skulda for å forsøke å påverke valet med sine krumspring.

Les også Australias statsminister ba om unnskyldning overfor voldtatt medarbeider

Australias statsminister Scott Morrison

Båt frå Sri Lanka og valkampinnspurt

Ein båt med flyktningar frå Sri Lanka var på veg mot Australia, samtidig som australiarar var på veg mot valurnene. Statsminister Morrison bad innanriksminister Andrews om å stanse båten, og ho gjorde dette ved å følge byråkratiske prosedyrar.

Det ho ikkje visste var at statsminister Morrison ville gjere meir, og det skulle skje raskt. Før valdagen var over.

Karen Andrews

Karen Andrews ber tidlegare statsminister Morrison om å trekkje seg frå parlamentet.

Foto: Leigh Vogel / AP

Han la press på personar som jobba i grensekontrollen for å få dei til å skrive ei pressemelding allereie før båten var stansa.

Og på Statsministerens kontor vart det bestemt at det skulle sendast ut ein SMS til veljarane om at «den einaste måten å halde grensene trygge på» var ved å stemme på hans parti.

Les også Australia hacket før valget – mistenker fremmed stat

Asutralia Hacket

Alt skjedde utan at Andrews kjente til alt spelet i kulissane. Bakteppet har seinare blitt kjent for omverda i ein rapport som kom i juli. Dette er eit av fleire døme på korleis statsministeren tok kontroll over andre ministrar sitt ansvar

No meiner den tidlegare innanriksministeren at statsministerens framferd må få konsekvensar for han.

– Eg kjem til å be han om å trekke seg som parlamentsmedlem, seier Andrews.

Forsvarer det han gjorde

I eit langt innlegg på Facebook forsvarer Scott Morrison det han gjorde. Han seier han gjorde dette for å kunne garantere at regjeringa fungerte godt under koronapandemien, i tilfelle ministrar skulle bli sjuke med covid.

– Det var ein konkret risiko for at ministrar skulle bli handlingslamma, sjuke, innlagde på sjukehus, ueigna til å gjere jobben sin på kritiske tidspunkt, eller til og med døy, skriv Morrison i innlegget.

Les også Australia åpner etter to års korona-stengning

- Jeg er tilbake! står det på T-skjorten til denne passasjeren.

Han innrømmer i innlegget at det var unødvendig at han føya dei ulike ministerporteføljane til si eiga portefølje, og påstår at han hadde gløymd at han hadde gjort det.

Men han skriv også at det var gjennomtenkt at han beheldt ansvaret for statlege eigedomar og naturressursar, fordi han ville stanse sin eigen minister frå å godkjenne eit omstridd gassprosjekt.

SISTE NYTT

Siste nytt