Hopp til innhold

Australias eksstatsminister utnemnde seg sjølv til seks statsrådpostar i løynd

Australias eksstatsminister Scott Morrison vart onsdag refsa av parlamentet for i løyndom å ha utnemnt seg sjølv til fleire ministerpostar.

Scott Morrison i parlamentet 30 nov 2022

FORSVARTE SEG: Tidlegare statsminister Scott Morrison forsvarte seg frå bakarste benk i parlamentet.

Foto: Mick Tsikas / AP

Med 86 mot 50 stemmer sa parlamentet at Morrison dermed undergrov tilliten befolkninga hadde til det australske demokratiet og gjorde kontroll og oversikt umogleg.

Det er første gong i Australias historie at ein tidlegare statsminister har vorte formelt refsa av parlamentet.

Noverande statsminister Anthony Albanese seier Morrison skuldar landet ei unnskylding.

Anthony Albanese

KRAVDE UNNSKYLDING: Australias statsminister Anthony Albanese på ein pressekonferanse førre veke.

Foto: Mick Tsikas / AP

Utnemnde seg sjølv til seks statsrådpostar i løynd

I løpet to år under koronapandemien tok Morrison seg sjølv i eid som finansminister, innanriksminister, økonomiminister, ressursminister, landbruksminister og miljøminister, alt utan å informere verken parlamentet, befolkninga eller andre ministrar.

Morrison var til stades under debatten. Han forsvarte seg standhaftig mot skuldingane og sa han var stolt av handlingane sine i ein krisesituasjon for landet.

Det einaste han kunne beklage, var at han heldt utnemningane av seg sjølv hemmeleg for lenge.

Han peika på at han utnemnde seg sjølv som eit tryggingstiltak, i tilfelle helse- eller finansministeren skulle bli ute av stand til å skjøtte verva sine på grunn av pandemien.

Morrison skulda den nye Labor-regjeringa for å politisere saka og handle ut frå hemnlyst.

Mange av partifellane hans i det konservative Liberale partiet gav han full støtte, men nokon meinte at handlingane var eit angrep på demokratiet og stemde for å refse han.

SISTE NYTT

Siste nytt