Hopp til innhold

Australia skal kvitte seg med over 10.000 villhestar

Ein delstat i Australia skal kvitte seg med over 10.000 villhestar innan 2027. Grunnen er at dei forureinar elvar og trugar andre dyreartar.

Hester avlives i Australia

Delstaten New South Wales i Australia skal kvitte seg med store delar av villhestbestanden i nasjonalparken Kosciuszko.

Foto: CENTRAL LAND COUNCIL / Afp

Australia har flest ville hestar i verda, med minst 400.000 dyr. I naturreservatet Kosciuszko, er det minst 14.000 villhestar.

Desse hestane har blitt eit miljøproblem, og delstatsregjeringa i New South Wales har difor bestemt seg for å redusere talet til 3.000 dyr innan 2027, skriv The Sydney Morning Herald.

Planen blei godkjent før jul.

Dyra skal anten bli skotne, sende til slakteri eller omplasserte. Regjeringa utelukkar skyting frå lufta.

Har gjort store skader

Australske miljøvernarar har lenge ønska ein stor reduksjon av ville hestar i parken fordi dei er til skade for andre dyreartar, og øydelegg og forureinar elvane.

Richard Swain i miljøorganisasjonen Invasive Species Council er blant dei som har teke til orde for færre hestar i naturreservatet.

Han seier til australske ABC News at han er glad for at dette no skal skje.

– Dette er gode nyheiter. Det er store sår i landskapet overalt der hestane har vore, seier han.

Døde hester ved et vannhull i Australia

Hestane har gjort store skadar på naturen. Blant anna har elvar blitt forureina og drikkestader har tørka inn.

Foto: CENTRAL LAND COUNCIL / Afp

Styresmaktene vil no avgrense området der dei attverande hestane kan vere, og stenge av dei områda dyra ikkje skal ha tilgang til.

– Utfordringa styresmaktene får no er å sikre at planen blir sett i verk raskt og effektivt, med dei ressursane som trengst, seier Chris Gambian, som leiar organisasjonen Nature Conservation Counsil, til kanalen.

Ville verne

Styresmaktene vedtok i 2018 ei lov som skulle gjere det mogeleg å ta vare på og forvalte villhestbestanden fordi dei meinte hestane var ein viktig del av nasjonalparken. Det skjedde trass i protestar frå blant andre forskarar, skreiv The Sydney Morning Herald.

Dei meinte lova var med sette villhestane over andre dyr i området.

Miljøminister Matt Kean i New South Wales seier til ABC News at den nye planen både skal ta vare på hestane og beskytte nasjonalparken.

– Hestane har gjort uendeleg skade fordi dei har vore ute av kontroll. Men vi veit også at det er mange menneske som elskar desse dyra, og har eg har prøvd å kome fram til ein mellomting, og eg trur vi har klart det.

Døde hester i Australia

Den store villhestbestanden i Australia, gjer også at hestar døyr fordi dei manglar mat og drikke.

Foto: CENTRAL LAND COUNCIL / Afp

Miljøpolitisk talskvinne for opposisjonen, Penny Sharpe, kalla også planen for eit steg i rett retning.

– Hestane er eit alvorleg problem. Denne planen har vi venta lenge på, sa ho ifølge The Sydney Morning Herald.

SISTE NYTT

Siste nytt