Hopp til innhold

Australia med rekordbeslag av metamfetamin

Australsk politi har gjort det største beslaget av metamfetamin i nasjonen si historie. Gateverdien på den samla mengda er 680 millionar dollar.

Det som er blitt australias største beslag av metamfetamin noensinne lå skjult på et utspekulert sted.

Det krystalliknande stoffet vart funne i 70 øskjer i eit tregolv på eit lager i Melbourne, fortel det føderale politiet, skriv BBC. To menn er arresterte og sikta for brot på narkotikalovene.

Den totale vekta på funnet er 903 kilo.

Crystal meth-beslag i Australia

Politiet fann nesten eit tonn metamfetamin under nokre golvplankar på eit lager i Australia.

Foto: Australian federal police

Kunne blitt til millionar av enkeltsal på gata

BBC skriv at statsminister Malcolm Turnbull nyttar høvet til å rose politiet.

– Dette dreier seg om nesten eit tonn narkotika. Det er ein stor siger for vårt grensevern og våre politifolk som greidde å fange opp dette, seier Turnbull.

Styresmaktene seier at stoffet har sitt opphav i Asia, men dei vil ikkje røpe kvar.

Dei politiet mistenker står bak, er to menn på 53 og 36 år frå Melbourne. Politiet jaktar også på to til dei mistenker har ein finger med i spelet, ifølgje BBC.

Justisminister Michael Keenan seier at denne mengda metamfetamin kunne ha ført til millionar av enkeltsal på gata, der kvart enkelt sal kunne potensielt tatt liv, øydelagt familiar, miljø og samfunn.

– Det er ikkje tvil i at rask handtering av politiet stoppa ein tsunami av narkotika frå å treffe gatene våre med ei dødeleg effekt, sa Keenan.

Ein variant av amfetamin

Ifølgje Rustelefonen.no er metamfetamin eit stoff som er i nær kjemisk slekt med amfetamin. Verknaden er stort sett den same, ifølgje nettstaden.

Der står det at uttrykket "speed", som i dag vert brukt som eit kallenamn for alle sentralstimulerande stoff, kjem frå metamfetamin-bruk i USA. Ein spesiell variant av metamfetamin er som store, isklump-liknande krystallar, og vert kalla «ice».

Crystal meth-beslag i Australia

Beslaget er rekna ut til å ha ein gateverdi på nesten 6 milliardar norske kroner.

Foto: Australian federal police

SISTE NYTT

Siste nytt