Australia krev unnskyldning frå Kina etter deling av falsk bilete

Eit falsk bilete som skal førestille ein australsk soldat som gjer eit krigslovbrot på ein kinesisk regjeringskonto på Twitter, har sett sinna i kok i Australia.

Falsk bilde av australsk soldat som holder kniven mot strupen på et barn.

Biletet som blei delt på nett av ein talsmann for utanriksdepartementet i Kina. Den australske regjeringa har bede Twitter om å fjerne biletet. Bildet er sladda av NRK.

Foto: Twitter

Den australske regjeringa fordømmer meldinga.

Australias statsminister Scott Morrison seier kinesiske styresmakter burde skamme seg over å ha delt det han kallar eit avskyeleg bilete på Twitter, skriv BBC.

Meldinga blei lagt ut av ein talsperson for Kinas utanriksdepartement på ein offisiell regjeringskonto.

Biletet viser ein mann utkledd som australsk soldat som held ein blodig kniv mot halsen til eit afghansk barn. I teksten på biletet står det: «Ikkje ver redd. Vi kjem med fred til dykk».

Scott Morrison, satsminister Australia

Australias statsminister Scott Morrison kallar eit innlegg på ein kinesisk regjeringskonto på Twitter for ei skamfull og avskyeleg handling.

Foto: Kiyoshi Ota / AP

Den australske regjeringa har bede Twitter fjerne bildet, og meiner Kina må seie unnskyld.

– Den kinesiske regjeringa burde skamme seg over dette innlegget. Det reduserer dei i verdas auge. Det er eit falsk bilete og ei hån mot soldatane våre, seier Morrison.

Men det kjem neppe ei unnskyldning frå Kina med det første.

– Det er ikkje Kina som skal skamme seg, men Australia, seier ei talskvinne for utanriksdepartementet.

Etterforskar soldatar

Innlegget og bildet viser påstandar som har kome om at australske soldatar skal ha drepe sivile og fangar i Afghanistan.

Tidlegare denne månaden kom ein granskingsrapport som viste at australske soldatar skal ha vore innblanda i drap på 39 afghanarar mellom 2009 og 2013.

Hæren i Australia seier dei fordømmer opplysningane. 13 spesialsoldatar er sagde opp frå forsvaret, mistenkt for å ha delteke eller vore vitne til drapa, skriv BBC.

I tillegg er 19 soldatar tiltalt for drapa.

Australske styresmakter har fordømt og sagt unnskyld overfor Afghanistan.

Spent mellom Kina og Australia

Innlegget på Twitter kjem i ei tid der forholdet mellom Kina og Australia er svært kjølig, blant anna på grunn av ein krangel om straffetoll på vin.

Kina har innført straffetoll på australsk vin fordi dei meiner at han blir selt til dumpingprisar. Rundt 40 prosent av den australske vinproduksjonen går til Kina.

Australsk vin på et supermarked i Beijing.

Kina har innført straffetoll på 200 prosent på australsk vin fordi dei meiner han blir seld til dumpingprisar.

Foto: Florence Lo / Reuters

Australia meiner vintollen er ei hemn fordi dei kravde ei internasjonal gransking av koronapandemien. Dei ville vite korleis viruset kunne oppstå og spreie seg så raskt.

Forslaget om gransking fekk støtte frå 122 land.

Men trass i Twitter-innlegget, håper den australske statsministeren å forhandle vidare med kinesarane for å finne ei løysing.

– Eg spør igjen, og ber Kina om å ta opp att dialogen, seier Morrison, ifølge BBC.

SISTE NYTT

Siste nytt