NRK Meny
Normal

Flaum i Australia kan koste milliardar

Det kraftige regnvêret i Australia har kosta den hardast råka delstaten tre milliardar kroner. Og meir regn er på veg.

Flom i Australia

Australia er råka av den verste flaumen sidan 1920-talet. Og verre blir det.

Foto: Barry O'Farrell / Afp

Nesten 9000 menneske har vore nøydde til å forlate heimane sine, og store område med dyrka mark er lagt under vatn ettersom den største flaumen sidan 1920-talet har råka Australia.

Dei materielle skadane er venta å bli ei hard økonomisk belastning for delstaten New South Wales.

Vegar og bruer i New South Wales er blitt totalskadde, avlingar er øydelagde og snart kan delar av store byar bli lagt under vatn. For regnet stoppar ikkje.

(Artikkelen held fram under biletet)

AUSTRALIA-WEATHER-FLOODS

WAGGA WAGGA: Denne byen i Australia er råka av den verste flaumen sidan 1920-talet.

Foto: ANDREW MEARES / Afp

Wagga Wagga splosj

Det er frykt for at eit dike skal breste ved den flaumdigre elva Murrumbidgee, noko som betyr at delar av byen Wagga Wagga blir lagt under vatn. Wagga Wagga er erklært katastrofeområde.

SJÅ BILETE: Tusenvis på flukt fra flom i Australia

Flomvann har oversvømt boligstrøk i North Wagga.

Delar av Wagga Wagga sørvest for Sydney ligg under vatn

Foto: POOL / Reuters

Politiet har bede alle om å forlate sentrum inntil vatnet trekkjer seg tilbake.

Tidlegare i veka var det nemleg spådd at vatnet kom til å gjere dette, men nye vêrprognosar seier at det verste vêret vil kome i først i løpet av april.

To omkomne

Heile austkysten av Australia er råka av det heftige vêret. Også delar av delstatane Queensland og Victoria har hamna i vegen for naturkreftene si vrede.

To menn omkom då bilen deira blei tatt av vassmassane. Mange hundre heimar er allereie oversvømt.

Det australske bondelaget seier at det er for tidleg å rekne kor store verdiar som har gått tapt hittil i flaumen.

Men både bomullsavlingar, kornsiloar og mange husdyr er allereie gått tapt, og beløpet kan verte svimlande.

Edderkoppane veit råd

Edderkopper spinner nett i planter

Edderkoppane i Australia veit korleis dei skal skjerme seg frå flaumen.

Foto: DANIEL MUNOZ / Reuters

I den nemnte byen Wagga Wagga blir folk bedne om å reise frå sentrum for å kome seg unna, men ein viss edderkoppart har funne ei anna løysing på problemet.

Ein invasjon av ulveedderkoppar har vakt oppsikt over heile verda.

LES: Edderkopper spinner enorme nett

Det våte vêret har fått bestanden til å blomstre veldig opp, og dei har spunne digre edderkoppnett over bakkenivå for å kome seg unna flaumen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt