NRK Meny
Normal

Aung San Suu Kyi kasta i fengsel

Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi vart i dag tidleg kasta i fengsel, etter at ho har hatt ulovleg besøk i heimen sin.

Aung San Suu Kyis helse er blitt forverret ifølge

Aung San Suu Kyi vart kasta i fengsel i dag tidleg.

Foto: STEPHEN SHAVER / AFP

Den burmesiske opposisjonspolitikaren har i år vore i husarrest i huset sitt utanfor Rangoon i 13 av dei 19 siste åra.

Nyleg greidde den mystiske amerikanaren John Yettaw å kome seg inn i den tett vakta bustaden ved å symje over ein innsjø. Han oppheldt seg i huset i eitt døgn.

Han vart seinare arrestert av burmesiske styresmakter.

Insein-fengselet

Tidleg i dag tok politiet seg inn i huset til Aung San Suu Kyi og arresterte henne, to hushjelper og dottera til den eine hushjelpa. Dei vart køyrde til det illgjetne Insein-fengselet i Rangoon, rekna som eitt av dei verste i Burma.

Ho vil bli framstild for retten og tiltalt for å ha teke mot ulovleg besøk. Ho risikerer fengsel i fem år for å ha brote vilkåra for husarresten, seier ein representant for partiet til Aung San Suu Kyi, Den nasjonale ligaen for demokrati.

Kjell Magne Bondevik møter Aung San Suu Kyi

Tidligere statsminister Kjell Magne Bondevik saman med Aung San Suu Kyi.

Foto: Privat

Han fortel også at helsetilstanden hennar no er betre, etter at ho sist veke fekk behandling for lågt blodtrykk og dehydrering.

Advokaten hennar opplyser at ska mot fredsprisvinnaren kjem opp 18. mai.

Augevitne kan fortelje at ei kolonne med politibilar køyrde i stor fart frå huset til fredsprisvinnaren tidleg i dag. Eit kvarter seinare kom kortesjen fram til Insein-fengselet.

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik kallar det som har skjedd ei alvorleg tilspissing av situasjonen i landet.

- Dette er ei alvorleg tilspissing

Video nsps_upload_2009_5_14_7_42_53_703.jpg

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik er uroa over utviklinga i Burma.

Ukjend amerikanar

Arrestasjonen skjer to veker før den noverande husarrest-perioden til Aung San Suu Kyi går ut. Støttespelarane hennar meiner dette er ein måte for makthavarane til å halde henne i fengsel under førebuingane til det planlagde valet i 2010.

Den amerikanske aktivisten John Yettaw.

Den amerikanske aktivisten John Yettaw.

Foto: gbrtv/gbaptn / NRK

Det er få opplysningar tilgjengeleg om den amerikanske statsborgaren John Yettaw, som greidde å kome seg fram til huset til fredsprisvinnaren. Men han skal vere ein aktivist som har engasjert seg i Aung San Suu Kyi si sak.

Han symde i to kilometer for å kome fram til huset, og han banka deretter på hos henne.

Han skal ha vore for sliten til å returnere same kvelden, og han overnatta i huset. Dette sjølv om Aung San Suu Kyi trygla han om å reise tilbake. Advokaten til fredsprisvinnaren seier at ho ikkje var glad for besøket.

På veg tilbake vart mannen arrestert av politiet.

Militærjuntaen i Burma har lagt ned forbod mot at andre enn Aung San Suu Kyi, to hushjelper og dottera til den eine hushjelpa, får opphalde seg i huset.

Huset til Aung San Suu Kyi

Aung San Suu Kyi bur i dette huset i utkanten av Rangoon.

Foto: Khin Maung Win / AP

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt